onsdag 9. september 2009

Tenk. Tenk at det er heile tre månader sidan eg...


- ... tok F-toget sist, og skua Manhattan skyline i det fjerne.



- ... åt bagel med cream cheese.



- ... blei prøvd sjekka opp av yngstegutt i sjappa på hjørnet.


- ... festa på Denny's til morgongry.


- ... fekk han med okseringen i nasa i St. Marks til å teikne drømmetatoveringa.


- ... og sjølvsagt fekk han til å feste den på handleddet mitt for alltid. Og eg kan for alltid bli minna på kor viktig håp er, berre ved å slå blikket ned. For det er det verkeleg. Det er rett og slett eit utruleg fint ord.


- ... var på ein skikkeleg "filmklassikar-date" i 102. etg i Empire State når klokka slo midnatt. Kan definitivt anbefalast.

- ... ,Ben og Leche tok oss ein måneskinnstur til Coney Island. Dette kan også definitivt anbefalast, både med romantikk i lufta eller berre med gode vener slik som me.

- ... måtte skrive ned namnet og adressa til NYC-frisøren min, Toni, til ei servitrise. Gjett om eg saknar ho?! Toni, altså.


-... og Camilla rusla rundt i The Village, som to "nesten-første-gong-i-NYC-turistar", sto inne på Magnolia Bakery og åt cup cakes medan det hølja ned ute, satt ute og åt byens beste sandwichar på Cafe Havana når sola kikka fram att og endte opp på Coyote Ugly-baren.


- ... åt avskjedslunsj med Camilla og David på Yummy Taco, 4 månader etter første gong.

- ... fekk NYSH-nøkkelhanken i avskjedsgåve hjå Vincent. Ikkje til rom 308 vel og merke, men til rom 413. Eit rom eg kjem til å hugse som Peter sitt, men som eg tilbragte mine to siste veker på.


Sukk... Det er rett og slett ikkje anna å seie enn at to veker i New York kan innehalde svært mykje meir enn tre månader i Myrkdalen/ Voss/ Mølstertunet... Men som de ser har eg jo hatt nokre høgdepunkt i ny og ne her også:

- Gullklumpane mine, Josefine og Brutus, på Mølster! Heldigvis får eg være den snille heile tida. Det vil seie den som gjev dei mjølk kvar dag, og ikkje den som er der når mjølepulveret er tomt. Eller når Brutus bevegar seg vidare til endå grønare enger medan Josefine tar turen tilbake til Myrkdalen.

- Fisking. Eh... Eller kanskje ikkje fisking, men heller kvalitetstid med tanteungar som eg ikkje vil legge ut bilete av her. Og ein liten fjelltur når enten sola har bekjempa regntunge skyer, eller eg har trassa vêr og vind...

- Besøk av Freaky Family!!! Med strålande sol, øl, ekstremsportveka, vannpipe, jentene mine og bra konsert kunne eg ikkje hatt det betre :D

- Prøve ut ludo som drikkespel, utelivet i Bergen på ein mandag, ta med David på Egon der han smaker sin beste burger nokonsinne og bli inspirert til å leike med trebåt på Fløyen av Camilla. Alt dette når dei to besøkte meg i Bergen eit par dagar!

- Få besøk av ein, til då, ukjent slektning i frå Uniten - Carmen. Ei herleg jente frå New Mexico eg opplevde Norway in a Nutshell og rusla rundt i Bergen med!



Oppdateringar frå yndlingsbyen "over there" får eg heldigvis gjennom facebook - både av venner frå i fjor og fetteren min, Jin, som har flytta inn på dormen. Blei pittelitt misunnelig då eg kikka på bileta hans... ;)
Heldigvis skjer det spanande ting her også. I morgon er siste dag på museet, laurdag reiser eg til Bergen, møter forhåpentlegvis Else-Marie og søndag skal eg endeleg forflytte meg lenger enn eg har gjort på meir eller mindre nøyaktig tre månader. Første destinasjon er Edinburgh!! Der skal eg rusle rundt, sjå slottet, Arthurs seat, the Royal Mile og få nye bekjentskapar på hostellet. Og gå på pub. Tirsdag, etter at eg har fått med meg valresultata, vender eg nasa sørover med tog. Leeds skal bli min nye heimby i dei 12 månadene eg skal studere master i Responsible Tourism Managment. Eg gler meg stort!

2 kommentarer:

  1. første bilde er veldig fint :) er det gåde ders?

    ahmed

    SvarSlett
  2. Takk, takk :) Nei, det er nok frå museet der eg har jobba i sommar...

    SvarSlett