onsdag 10. juni 2009

Kva kan ein seie? Eventyret går mot slutten...


Ja, om tolv timar er eg godt på over Atlanteren. Fem månader går jammen fortare enn ein trur... Planen før det er å ta ein siste joggetur i yndlingsparken, kjøpe bagel til frukost hjå Ahmed på hjørnebutikken, pakke ferdig, vaske rommet, bære ting og tang bort til David og så ete avskjedslunsj på Yummy Taco med Camilla og David. Samme plass som me åt på første dagen her.

Dei siste dagane har gått med til "gjere-ting-for-siste-gong-ting" og sei hadet til folk og plassar... Siste kvelden vart tilbragt med Ben, frå dormen, og Leche, kompis av David, på stranda ved Coney Island. Ein perfekt måte å avslutte opphaldet på!





Andre ting ein kan bruka dei siste vekene av eit semester i New York på er....

... Å ta ein avskjedsfest på Denny's. Denny's er altså den lokale puben like ved. Ganske så harry, med storparten godt vaksne "regulars", jukebox og biljard. Og sjølv om det kanskje ikkje er den hippaste plassen i byen trur eg eg har hatt nokre av dei morsomste kveldane her på den plassen! Det å kjenne bartenderen er også eit stort pluss - i alle fall om ein har brukt litt for mykje pengar på shopping før på dagen... Bartender Erik jobbar tirsdag og torsdag, og sidan eg altså reiser før pubtid i dag (torsdag) fann eg og Camilla ut at siste festen på Denny's måtte bli på tirsdagen. Litt dødt i byrjinga, men etterkvart som andre bekjente tok turen innom blei det jammen ein skikkelig bra kveld dette og!

... Å nok ein gong oppleve dei ulike områda byen består av. Det å gå rundt i Chinatown, utanfor Canal street vel og merke, er ein morsom affære! Skilta står på kinesisk, dei hektiske gatene er i hovudsak prega av asiatar og annankvar butikk sel fisk og sjødyr i dei fleste format. Det bugnar av fisk av alle slag, både levande, døde og ein del midt i mellom, reker og skalldyr, blekksprut, sneglar i diverse variantar, skilpadder og froskar... Eit lite stykke Kina midt på Manhattan!



... Å gjere ting ein har utsatt dei forrige fem månadane. Slik som til dømes å ta ein jentedag i Greenwich Village, der ein tar bilete framfor trappa til 66 Perry St., der ein har sett Carrie og Mr. Big gå opp og ned eit uttal gongar, stikke innom den vesle Marc Jacobsbutikken på hjørnet før ein gjev seg sjølv ein liten "treat" på Magnolia Bakery. Kanskje stikk ein innom The Pleasure Chest også, for å gjere dagen komplett ;) Slik såg altså vår tirsdag føremiddag ut. Etter det vart siste rest av shopping gjort unna i SoHo, og me avslutta med byens beste sandwich utanfor Havana Cafe.

I samme kategori, prega av både film og utsettjing, er ein kveld på Hogs and Heifner. Baren i Meatpacking District som kanskje er betre kjent som "Coyote Ugly-baren". Eg feira nyttårsaften 2007/08 der, og syns egentlig heile konseptet er ganske så morosamt! Og ja, bartendarane, som alle er jenter i jeans, boots og bikinitopp, dansar på bardisken, skjeller folk ut i ropert og kastar ut alle menn som prøver seg på å danse på baren. Jenter som vil prøve seg er derimot heilt ok, og dei jentene som føler for å donere vekk bh-en er meir enn velkommen til å slenge den opp på veggen! Eg og Camilla hadde ein skikkelig bra kveld der forrige lørdag :) No føler me at ringen byrjar å snurpe seg saman, og etter lunsjen på Yummy Taco i dag har me fått gjort det aller meste av det me har planlagt.

... Å ete middag på ein fin albansk italiensk restaurant i Midtown, for så å stikke innom Empire State like ved og nyte utsikten frå 102. etasje. Forrige gong eg var der kom eg ikkje lenger enn til 86. etasje, og eg har heller ikkje vore oppe i nokre av desse utsiktsplassane anna enn på dagen - så det var moro å få besøkt toppen på nattestid! Utruleg flott å sjå Broadway strekkje seg nedover heile øya.



... Å bli solbrent på Coney Island. Den raraste, og kanskje ikkje reinaste, stranda eg kan tenkje meg. Med freaks, hot dogs, stereotypisk hundre år gammal fornøyelsespark og ein superfin strandpromenade! Tar ein F-toget (vårt tog) 15 minutt i motsatt retning frå Manhattan kjem ein hit - og sjølv om Ben ikkje skjønar kva ein turist vil her vil eg definitivt anbefale alle som har tid å ta turen ut dit. Ei anleis strand, og ein anleis fornøyelsespark. Bør vel kanskje leggje til at eg er usikker på om eg vil anbefale verken pariserhjulet eller berg og dalbanen... 4. juli er det forresten pølse-ete-konkurranse her! Rekorden er 66 pølser med brød. Og, hot dogen har visst sin opprinnelse hjå Nathan's her. Hadde eg ete pølser skulle eg definitivt prøvd orginalen, saman med alle andre som besøkjer stranda....







... Å traske rundt... Når ein berre har få dagar att i favorittbyen kan ein nesten ikkje sitje i ro, så eg har tatt toget hit og dit og brukt beina resten! Frå F-toget har eg kunna nyte synet av byen frå brua over Smith street, og på lørdagsmarknaden på Bedford i Williamsburg har eg kjøpt bøker langs gata. No når sommaren har komt på skikkeleg dukkar det opp marknader overalt her. Både store marknadar med unge designarar og folk som lever av å selje varene sine, mindre loppemarknader og ellers er i alle fall gatene i Brooklyn full av bord der folk prøver å selje eller gje bort ting dei ikkje har bruk for. Her er det faktisk også slik at ser ein noko liggjande på gata ein kunne tenkje seg, er det fullstendig akseptert å plukke det opp! Har ein noko ein ikkje lenger treng legg ein det utanfor porten, og tar ikkje nokon andre det så tar i alle fall båstømmarane det morgonen etter. Eg hadde planar om å leggje ut nokre bøker eg ikkje har plass til, men i og med at det styrtregnar er kanskje ikkje det den beste ideen...


... Lime med venner. Camilla har budd hjå David dei siste vekene, og heldigvis for meg bur han like ved! Og kva er vel koselegare enn å slappe av med vener, biljard, eit par øl og bra musikk?

... Å utforske gamle trakter og helse på ekorn i Morningside Park - som definitivt ser mykje betre ut om sommaren i forhold til i jula - etter å ha gått forbi hostellet på Amsterdam Ave og 103 gate, gå vidare oppover Harlem, sjå at Puppy's leather outlet framleis held koken med klær for dei som ønskjer å ete mykje ;) for så å rusle nedover gjennom Central Park og ta gondolbanen over til Rooseveldt Island og så ta toget derifrå når regnet byrjar å hølje.





... Å lime i Trinidad 5-6 dagar. 23.-29.mai tok eg og magnus turen til Diego Martin i Trinidad for å besøke Kendal, som me vart kjent med på dormen i løpet av vinteren. Det vart rett og slett ein av dei herlegaste feriane eg kan hugse! Med chill karibisk stemning, varme, turkist hav, kvite strender, flott natur, god mat, billig øl, båtliv, reggie og verdas mest gjestfrie folk kunne det rett og slett ikkje vorte betre! Etter litt startproblem med billettkluss på Newark, var Kendal ein super guide. Me vart tatt med på clubbing, båttur "down the islands", på forskjellige strender, fotballkamp, barer, bursdagsfest, grilling, køyretur i fjella og smake haiburger og diverse vestindisk mat - alt saman med Kendal, familien og venene hans. Liming, som på dårleg norsk vil seie å "henge", var hovudaktiviteten! Eine dagen tok tanta hans seg fri frå jobb for å vise oss litt av Tobago - som ligg 15 minutt med fly frå Trinidad. Der var stemningen endå chillare, sjøen blåare og strendene kvitare. Og det var tydeleg meir turisme. Me snorkla, smurte oss inn i sand som skulle føre til at me alltid ville sjå 10 år yngre ut etter at me fylte 30, besøkte eit fort, kjøpte suvenirar og sov på stranda.

lørdag 23. mai 2009

Avskjedslunsj, avskjedsgallerirunde, avskjedsfest, avskjedsmiddag - og nye eventyr!

Det er utruleg rart og stille å gå rundt på dormen her i dag... I løpet av dei siste dagane har dei fleste avslutta vårsemestera, og i forigårs og i går pakka dei fleste tinga sine og reiste heim til upstate New York, Saudi-Arabia eller kvar dei no er i frå.
New York Studenthousing er ein privat studentbolig i Kensington området i Brooklyn. Det er ganske dyrt, men også ganske så fint. Men, det er ikkje lokala som har gjort det så fantastisk å bu her - det er den utruleg flotte miksen av ungdommar som har budd her!





Avskjedslunsj på Subway før Nikki og Nik reiste på torsdag...

Alt i alt er det plass til omlag 120 personar, fordelt på fire etasjar. Det er ein god del amerikanske studentar her, som hovudsakleg studerer på Brooklyn College. Det har vore sju nordmenn her dette semesteret. Det har vore ein heil gjeng som går på ELS engelskkurs her, blant anna tre frå Saudi-Arabia, eit par tyrkarar, to frå Libya, mange frå Japan og Sør-Korea og nokre frå Brasil. Og det er ein del andre sjølvstendige studentar som utnyttar mogelegheita til ei eller anna spesialisert utdanning frå New York. Ein får sjølvsagt ikkje like god kontakt med alle, men me blei ein god gjeng som hang saman i loungen eller kjøkkenet i fjerde etasjen om kveldane, festa i helgene og kosa oss i det fine veret no i vår!






Den siste veka her har det vore eit heilt fantastisk ver, med 30 grader og sol kvar dag. Dette har me utnytta til fulle innimellom all pakkinga! Eg har tilbrakt nokre timar i Prospect Park, Coney Island og sjølvsagt på terrassen utanfor dormen. Og eg må innrømme at eg er rimeleg nøgd med å ha meir skille no enn etter Miami-turen ;)




Heile avskjedsprosessen byrja eigentleg då Ida reiste heim med fellesreisa for eit par veker, og me gjorde ting for siste gong i NY saman med ho. I løpet av neste veke er det ikkje berre alle på dormen som reiser, men også dei fleste andre eg har hengt med her i byen. Og i og med at eg reiser til Trinidad om nokre timar, har dei siste dagane vore min siste sjanse til å gjere ting saman med dei. Så på torsdag var det siste gallerirunde med gallerigjengen, som tiltrakk seg fleir og fleir for kvar gong og som toppa seg heilt i sommarsola på torsdag! Ein fantastisk bra begynnelse på ein av dei beste kveldane her :)
For når klokka runda åtte og galleria stengte vendte eg nasa direkte heim mot Kensington. Her var det siste fest med dei som var igjen! Magnus holdt åpent rom, og musikken svinga mellom hip hop, swing, salsa, arabisk, reggie og indisk - med påfølgande dansing. Stemningen var på topp frå tidleg kveld til tidleg morgon! Trur ikkje me kunne fått ein betre avslutning på semesteret.


385 McDonald Avenue, med biljardbord i fjerde etasje!


Om nøyaktig 45 minutt sit eg, Magnus og Kendal oss i ein taxi på veg mot Newark - Trinidad, here we come!! ;) Hehe... Der blir me til neste fredag, med andre ord seks dagar. Har veldig stor tru på at det blir toppers, sjølv om det ikkje kjem til å gå opp for meg før eg står med beina planta på Karibisk jord! I kveld skal me ut med venene til Kendal, i morgon blir det strandliv, båtliv og reggieparty og i løpet av veka skal me på dagstur til Tobago og på sightseeing med bestefaren. Herlig, herlig!
Når eg kjem tilbake blir eg faktisk buande her i Kensington to veker til. Etter mykje fram og tilbake fekk eg lov å bli her for 20 dollar natta, som er ein temmeleg bra pris til New York å vere. Og sjølv om det blir rart å bu her utan alle dei andre kjente fjesa trur eg det blir bra uansett. Kjenner eit par som skal være her, kjenner gutta på delien på hjørnet, Camilla som bur hjå David eit par kvartal bort, Denny's, Ben som bur hjå bestemora i Coney Island og nokre andre som befinn seg her og der i byen. Herlig å ha eit par veker til til å utforske byen!!

tirsdag 19. mai 2009

Proud to be Norwegian!

I alle fall i Bay Ridge på 17. mai...

Tidlegare har eg sett buttons med dette sitatet på folk i frå både Irland og Italia, så sjølvsagt med Irish og Italian i staden for Norwegian, og syns det såg skikkeleg harry ut. På sjølvaste 17.mai fekk eg mulegheit til å skaffe meg ein slik sjølv, og eg skal ikkje påstå at det er noko mindre harry med den no. Men når ein først feirar nasjonaldagen i Uniten så er det ikkje vel ikkje berre buttonsane som er litt harry. Og av og til er det jammen ganske herleg å være det og ;)

Helst ønska eg ein der det stod "Kiss me, I'm Norwegian" på, men dei var dessverre utselt...


17.mai i New York starta på meir eller mindre samme måte som heime, med unntak av alt styret der er å ta på seg bunad, altså med røykelaks, nysteikte rundstykke og champagne! Eventmaker Ingrid og venninna Ingeborg planla og arrangsjerte. Eigentleg skulle det heile føregå på taket til Ingeborg i Bushwick, men i motsetjing til heime var ikkje vergudane heilt på vår side denne dagen... Heldigvis bur Ingeborg i ei stor og flott leiligheit.
30 stk var invitert, flest nordmenn, nokre amerikanarar og ein svenske. Og alle hadde fått beskjed om kva dei skulle ta med - eit skikkeleg spleiselag :) Eg dukka opp klokka ti, og vertane var i full sving! Etterkvart som folk kom blei bordet fullare og fullare med jorbær, vannmelon, røykelaks, ferske scones, eggerøre, ekte svensk gubberøre, potetsalat (som eg vil ha oppskrift på, Ingrid! Evt. heile historia om korleis du laga den ;), brunost og andre gode oster, kaviar, makrell i tomat, ananas, mango, salat, vestlandslefse og norske gulrot- og eplekaker. Ein skikkeleg norsk (og litt svensk) meny!! Smakte himmelsk.




I god norsk tradisjon var det så tid for tog. Eller parade. Det fins faktisk ein eigen 17. mai kommite her i New York også, leia av norsk amerikanarar i byen. Dei arrangerte ein stor parade, der temaet i år var norrøn mytologi. Dessverre kom eg akkurat for seint, etter å ha rydda opp all maten som var att etter frukosten... Men, folkelivet, talane (bl.a. av den norske konsulen), Stavanger Musikkorps som spelte Ja vi elsker og Mellom Bakkar og Berg, og Miss Norwegian Heritage i NYC fekk eg heldigvis med meg! Kåringa av Miss Norwegian Heritage var visstnok eit grep dei innførte for nokre år sidan for å gjere unge norsk amerikanarar oppmerksame på denne dagen, og for å få opp interessa for kvar dei "kjem" i frå. Om det er det beste trikset dei kunne fått til veit eg ikkje, men viss dei meinar det fungerar så gjerne for meg! :p Dei som derimot fekk med seg paraden sa me gjekk glipp av noko stort; store flåtar med vikingsekip og diverse og masse folk. Får vel komme tilbake og oppleve også den seinare!

I frå Leif Eriksonspark, der paraden endte og talane vart haldt, rusla me vidare oppover gata til Leif Erikssons pub. Eller Lief Eriksson som dei kalla han. Der var det nordmenn i alle variantar, og hot dog og lapskaus. Og øl såklart. Og god gammal swingmusikk. Utan at nokon såg ut til å kunne danse swing... Men moro var det i alle fall! Og folk var nærmast i ekstase når dei skjønte at det var "ekte" nordmenn til stades. Haha... Bunader var det uansett å sjå overalt.
Me var invitert vidare til 17.fest i leilegheita til VG korrespondenten Anders Giæver. Der det på skikkeleg amerikansk vis vart servert gratis drikke til gjestene. Her var det ein god blanding folk; nokre gatewaystudentar, konsulatansatte, journalistar og kunstnarar. Møtte faktisk to andre vossingar, så det vart litt mimring til feiring i heimbygda også! Trur forresten ikkje det å være korrespondent for VG er den verste jobben ein kan ha... Leilegheita var rimeleg fin!
Kvelden endte stille og roleg med jentefilmar og sjokolade på dormen. Ei fin avsluttning på ein morsom og utradisjonell dag!
Håper alle hadde ein like flott nasjonaldag :)

Bronx, ein liten bit Sverige, sushi, avskjed og sommar!

Av andre ting som bør nemnast av ting som har skjedd sidan Minnesota er bestilling av tur til Trinidad & Tobago ganske viktig. Lørdag 23.mai er eg nok ein gong på veg mot flyplassen, denne gongen saman med Magnus og Kendal. Eg og Magnus blei invitert til å besøke Kendal, som også har budd på dormen vår, når han reiste heim for sommaren. Og med billettprisar på 1900 kroner tur/retur var ikkje dette noko me kunne tvile på! Så på lørdag er me på veg - og eg kan nesten ikkje vente!!! 6 dagar i Karibien... Høyres vel ikkje så verst ut? Hehe...

Ellers så prøver eg å gjere og sjå mest muleg den siste tida her, helst utan å stresse. Heldigvis har eg fått ein gjeng gode vener som gjerne er med ut og leike i storbyen :) Blant anna har eg:



- endeleg komt meg til The Bronx. Såg ikkje så mykje meir enn dyrehagen, men den var til gjengjeld stor og flott! Me gjekk rundt og såg på giraffane, løvene, apane, slangane, selane og isbjørnen, åt is og småhutra litt i den kalde trekken. Etterpå åt me ein skikkeleg amerikansk middag på ein diner i nærleiken, og tok toget tilbake downtown. Bronx er kanskje ikkje den bydelen eg kjem til å sjå mest av, og av det me såg utanom parken har eg kanskje ikkje det største behovet heller... Sjølv om det visstnok skal være nokre flotte område der og.





- prøvd ut det som burde vore ein turistattraksjon på lik linje med Staten Island ferja, men som heldigvis ikkje er det: IKEA båten. Den er gratis, den går frå Lower Manhattan, ein kan sitje ute, er ein "heldig" gjev den greske kapteinen frå seg styringsansvaret og tek på seg guiderolla, utsikt mot Manhattan skyline, Brooklyn Bridge, Friheitsgudinna og Governor Island.

- besøkt IKEA. Som eit resultat av å ta båten ut dit blei det også ein tur innom restauranten. Svensken Henrik var spesielt begeistra for å få seg kjøttboller, og eg var ganske henrykt over endeleg å få meg litt skikkeleg laks med kokte poteter og ikkje berre sånne frityrsteikte greier dei har her elles.



- sett eit nytt område av Brooklyn - Red Hook. Frå IKEA gjekk turen vidare gjennom dette nabolaget på veg mot Carrol Gardens og subwayen. Me gjekk rundt, tok bilete og stoppa og drakk billig øl på ein svært så koseleg pub. Den beste måten å oppleve eit nytt strøk på, spør du meg! :)



- hatt avskjedslunsj for Ida... Ida, som er ei av jentene i klassen eg har vore mest med, reiste heim med "fellesreisa" til Gateway forrige onsdag, og me hadde ein kjempekoselig sushilunsj på Zen i St.Marks place i East Village før ho reiste.






- deltatt på nok ein Galleritorsdag - Chelsea, vener, kunst, øl, vin, champis. Kvelden endte hjå nokre amerikanske vener av Kjersti og Henrik, som me også møtte til middag nokre dagar tidlegare. Utruleg herlige folk! :)



- nytt varme solstrålar i Prospect Park med boka "A long way gone", av Ishmael Beah. Brooklyn og New York er såå nydeleg når sola skin!




- stått i kø i fleire timar for å få billettar til og sjå film på ein takterrasse i Lower East Side. Eventmaker Ingrid har som vanleg peiling på kva som skjer. Turen gjekk direkte vidare dit frå parken, og me betalte $9 kvar for å sitje under stjernene, sjå minikonsert og kortfilmar og ete popcorn saman med 1000 andre. Rooftop Films hadde sett opp tre lerret og folk sat og stod overalt på taket. Etterpå forsette festen med gratis øl for alle som ville på ein pub i nærleiken.

- har eg altså lært at ein alltid bør gå ut av døra om føremiddagen utrusta med alt ein treng for ikkje å måtte komme heim att førutpå morgonkvisten, for ting skjer fort i New York.