mandag 23. februar 2009

Kulturliv med stor K!

Å studere kulturledelse, eller art managment som det heiter her, i New York er som ein draum. Sjølv om eg ikkje kan stikke under ein stol at det er mykje å gjere reint studiemessig, og at eg sannsynlegvis heng litt etter med lesinga allereie, såklart... Kvar dag har eg og dei 18 andre jentene i klassen forelesning i 11. etasje på Metropolitan College som ligg midt i mellom Chinatown, SoHo og Tribeca på Lower Manhattan. Forrige veke gjekk det i marknadsføring, medan denne veka er sett av til prosjektleiing. Og med prosjektleiing så meinar dei faktisk prosjektleiing. I alle fall i fantasien. I grupper skal me i løpet av veka finne på eit reelt kulturprosjekt me kunne tenkje oss å stelle i stand, og så planlegge det til minste detalj. Ein svært positiv overraskelse for meg som meir eller mindre berre har sete med nasa i kompendium på lesesalar dei siste åra. Case-arbeid er lærerikt og morosamt! Så no driv eg og planlegg ein festival/kampanje for ungdom med ulik sosial og kulturell bakgrunn på undergrunnsstasjonar rundt i byen. Eg er sikker på at det hadde blitt eit utruleg spanande arrangement hadde me hatt tid og høve til å faktisk gjere det!

Men, dette er så absolutt ikkje det beste med å studere kultur her: semesteret fekk ein knallstart allereie andre dag, med teaterstykket Equus på Broadway! Og ja, me såg "Harry Potter" splitter naken på scenen. Det var ikkje høgdepunktet. Høgdepunktet var stykket i seg sjølv. Det var tungt og til tider dystert, men oi så bra! Stykket handlar om ein gut som ei natt blindar seks hestar, og psykologen som i ettertid forsøkjer å hjelpe han. Etterpå rusla eg litt rundt på Times Square og ned til Herald Square via Bryant Park, mens eg kikka opp på alle lysa , skyskraparane og alle andre som var ute og gjekk akkurat då, og fekk for første gong ei herleg kjensle av at eg bur i New York!


Berre nokon dagar etter forsette me med endå ei førestelling på Times Square: Mamma Mia - the musical :) Og for ei som såg filmen på kino to gongar, og i tillegg hadde den friskt i minne etter flyturen over hit, gledde eg meg til å sjå korleis oppsetjinga var. Men, etter det sterke teaterstykket tidlegare i veka nådde ikkje musikalen heilt opp til forventningane. I ettertid har me lært om ulike typar teater og kva måla med dei er, og Mamma Mia og Equus ligg nærmast på kvart sitt ytterpunkt. Likevel - Mamma Mia kan absolutt anbefalast! Det er herleg musikk som alle kan tekstane til, og skikkeleg god stemning. Og kanskje får fleire sjå herlege 70-år gamle damer reise seg opp og digge musikken! Akkurat det var eit høgdepunkt for min del ;)




Etter mykje informasjon og litt lesing veka etter stod ein ny stor kulturinstitusjon for tur: The Metropolitan Museum of Art. Dette store, monumentale museet som ligg langs Central Park på 5th Ave og 83rd st. Eg var innom der nokre veker tidlegare og kikka på europeisk og amerikansk kunst frå omlag 1850 til 1950, men museet er så stort at ein sikkert treng veker for å komme igjennom heile. Det gjorde med andre ord ingen verdas ting å få ein guida tur! Ei herleg eldre dame, som jobba frivillig, tok oss med der me ville - og hadde alltid nyttige og morosame fakta på lur. Den egyptiske samlinga, den kinesiske hagen, impresjonismen, moderne kunst og til slutt den visstnok så berømte "Shark in a tank" av Damien Hirst.




Equus såg me med kulturklassen, Mamma Mia var for heile skulen - og onsdag for to veker sidan var det obligatorisk tur til The Appollo Theatre i Harlem for alle som tar American Topics dette semesteret. The Apollo Theatre er eit landemerke i New York. Her har mang ein kjent artist og musikar blitt oppdaga. Teateret vart bygd i 1914, og i frå 1934 har det blitt arrangert Amateur Nights der kvar veke. Før var dette den einaste plassen svarte amerikanarar fekk lov til å opptre. I dag er desse kveldane opne for alle som ynskjer å prøve seg på scena, og publikum blir ein del av arrangementet både ved at nokre vert tatt opp på scena og elles ved at ein skal heie og bue på dei ein likar og ikkje likar. Utruleg morosamt konsept, med både veldig gode og veldig dårlege utøvarar!!


Det fine med å bli kjent med folk som har budd i byen lenger enn oss er at ein plutseleg kan få ei melding som denne; "Hey! You should come and see my friends play at The Bitter End at 7.45", på ein heilt vanleg tirsdag føremiddag. Så det er ikkje berre skulen som tar oss med på ting, her skjer det noko heile tida, alle dagar i veka. Eg og Camilla tok turen innom The Bitter End i West Village for å sjekke det ut, og høyrte på flinke Charley Paige (http://myspace.com/charleypaige). The Bitter End er ein kjent pub, nærmast som Apollo for rockarar, der unge musikarar kan opptre. Etter at Charley var ferdig dukka Magnus og Ida frå skulen også opp og me høyrte på ei gruppe gutar spele - veldig, veldig bra og samtidig skikkelig morosamt! Ein heilt ok måte å tilbringe ein tirsdags kveld ;)


New York er ikkje berre eit sentrum for ulike typar scenekunst, musikk og kunstsamlingar; her fins også eit stort antal forfattarar og poetar. Sjømannskyrkja og den norske foreninga i byen prøver å nytte seg av dette, og arrangerer bokbad ein gong i månaden. Forfattaren for februar var ikkje andre enn Siri Hustvedt, som eg dessverre må innrømme at eg ikkje har lese noko av frå før men som eg lenge har tenkt at eg burde lese. Rett og slett fordi ho har aner i frå Voss, nærmare bestemt Hustvedt, og visstnok er i slekt med meg langt, langt ute. Og, ho er gift med Paul Auster. Ein av amerika sine største forfattarar. Som eg heller ikkje har kome lenger enn å lese nokre kapittel av... Eg tok uansett turen til Kjerka forrige torsdag for å høyre på ho, for kanskje å få signert boka eg fekk i valentinsgåve og ikkje minst kjøpe med meg ei tube kaviar. Intervjuet vart faktisk ganske så interessant, då temaet låg rundt immigrasjon og identitet som den siste boka hennar "The Sorrows of an American"(på norsk Når du ser meg) handlar om. Eg fekk helsing i boka og ein klem då eg nemnte slekt i frå Hustvedt! Kaviaren smaka forresten fortreffeleg (og det samme gjorde visstnok makrellen i tomat som eg forsørga for Camilla) ;)



(http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article399748.ece)

Forrige fredag, etter ei intensiv veke med marknadsføringsteori, reiste heile klassen til Queens. PS 1 stod for våre føtter, og eg var spent. Det er MoMa (Museum of Modern Art) sin del for samtidskunst. Eg hadde ingen idé om kva som ville vente meg der, men sjølv om deler av museet var stengt av i vente på ny utstilling eit par dagar seinare, vart eg så visst ikkje skuffa! Moderne kunst er faktisk veldig moro så lenge du berre er open nok til å tenkje over kva det faktisk kan uttrykkje. Me såg alt i frå foto av lykketroll, intervju med J.F. Kennedy sin drapsmann limt opp på veggen, eit basseng som eigentleg ikkje var eit basseng, ulike typar filmar laga av ei israelsk kvinne under og etter hennar militærteneste, ein stor spegel i taket (sjå første bilete) og ikkje minst nordmannen Børre Sæthre si utstilling: Stealth Distortion (...must have seen it in some teenage wet dream), med ein fiks ferdig einhjørning i glassbur. No skal ikkje eg gå nærare inn på kva eg tolka ut i frå dette, men det var flott! (http://ps1.org/exhibitions/view/209/)


For meg som omlag ikkje har sett teater sidan eg slutta på vidaregåande har dei siste vekene ført til mange nye og fine opplevingar! Det siste som skjedde på kulturkalendaren min var "MabouMines Dollhouse" på St. Ann's Warehouse i Dumbo, Brooklyn søndag ettermiddag. Medan regnet piska ute satt me inne på dette koselege, sjølvstendige teateret med varm ingefærte, suppe og nanbrød og såg eit teaterstykke utanom det vanlege. MabouMines ei teatergruppe som sidan 2003 har spelt ei modernisering av Henrik Ibsen sitt "Et Dukkehjem", og som dei har tatt med seg rundt i verda på turné. Til dømes var dei innom Oslo under Ibsen året for ei stund sidan. Dei har valgt å gå bort i frå realismen som Ibsen skreiv under og heller fokusere på det melodramatiske i stykket. Dei ulike kjønnsrollane og kampen mellom desse vart forsterka, samtidig som dei sette andre faktorar som kanskje er endå viktigare i dag på dagsorden, ved at kulissane var eit dukkehus der alt føregjekk inni og alle mennen vart spelt av kortvokste. Engasjerande, morosamt men også svært utfordrande på grunn av alle små detaljar. Då dei var ferdige stilte skodespelarane opp til Q & A, som gav oss ein del oppklaringar.


mandag 16. februar 2009

A Sunday Stroll

Her i Kensington i Brooklyn er me så heldige at me har ein fantastisk park enten ti minutt å gå eller to stopp med subwayen i frå ytterdøra. Og sidan vêret er konstant fint her, prøver me å nytte oss av dette så ofte som mogeleg. Til no har eg jogga rundt parken nokon gonger, gått på tur rundt omkring i den nokon gonger i tillegg til å få ei fast joggerute delvis i delvis rundt. Herleg med så store parkar at ein ikkje treng å gå samme rute kvar gong!
Nokon av gutane som bur her på huset har laga seg eit ritual dei kallar "The Sunday Stroll", som går ut på at dei ruslar ein tur søndag føremiddag. Nokre gongar har dei tatt subwayen til Coney Island, men som oftast trur eg nok det blir det enkle valet Prospect Park. Denne søndagen blei eg, James og Camilla med Peter og Magnus. Me tok subwayen dei to stoppa - ikkje fordi me var late, men fordi me då kjem til ein anna del av parken enn dersom ein går - og kom opp på hjørnet av Park Slope-området. Saman med barnefamiliar, hundeluftarar, fotballspelarar, pensjonistar og andre ungdommar ute for å trekkje litt frisk luft, bevega me oss innover i parken.

Prospekt Park er ein 585 acre stor park, midt i Brooklyn. I tillegg til Kensigton og Park Slope grensar den til andre populære område her. Den var planlagt og laga på 1860-70-talet, av arkitektane Frederick Law Olmsted og Calvert Vaux som også planlagte Central Park på Manhattan. Sjølv om det var dei samme som teikna begge parkane er dei vidt forskjellige, medan Central Park er fransk inspirert med rette linjer og streng struktur er Prospect Park meir av britisk stil. Den er vill og "naturleg", med vatn, haugar, stiar, store plenar utan nokon form for regelmessigheit. Her kan ein stå på skøyter, spele baseball, basketball og fotball, besøkje Brooklyn Zoo, Brooklyn Botanical Garden, mate ender, gjess, svaner og søte ekorn og elles berre rusle rundt. Eg gler meg vilt til våren, når blada byrjar å sprette, graset vert grønt og blomstrane dukkar fram - då skal me ta med oss pledd, mat og skulebøker og sitje der å lese til eksamen! (Info frå wikipedia.com)

Denne søndagen rusla me eit stykke inne i parken før me heilt tilfeldig kom til det eine vestre hjørnet, der hovudinngangen og Grand Army Plaza ligg. Den store "triumfbogen" er dedikert til soldatar og sjømenn, og rundt den står fleire flotte statuar. Moroklumpane Peter og Magnus poserte for fotografen, før me gjekk vidare over rundkøyringa og sjekka ut hovudavdelinga til Brooklyn Library - det såg utruleg fint ut! Tida var så komen for litt påfyll av energi, så me fann oss ein koseleg liten restaurant i Prospect Heights. Utanfor kunne ein stå midt i gata og nyte synet av Empire State Building og delar av Manhattan skyline i solskinnet!

Vel heime, etter ein heil ettermiddag ute, hadde me gått forbi både Brooklyn Botanical Garden og Brooklyn Museum, prøvde å lære James og Peter OL-floka og sett resten av parken i frå utsida!

Ein herleg søndag i Brooklyn! Og dei som hevdar at alt anna enn Manhattan er noko tull, er hjarteleg velkomne til å bli med neste søndag - for Sunday Strolls skal bli min og Camilla sitt søndagsrituale også :) Trur i alle fall James blei overbevist om at Brooklyn likevel ikkje er så gale. Hehe...

søndag 15. februar 2009

"Happy valentine, girls!"

14. februar, ein dag som etterkvart byrjar å bli betre kjent som Valentine's Day, spesielt her borte. Heilt sidan me kom for ein månad sidan har det hengt hjerter rundt omkring, butikkane har hatt eigne avdelingar berre for hjerter, kort, sjokolade, smykker og andre søte ting jenter kan ønskje seg. Dei siste dagane har det tatt heilt av - gatene bugner av blomsterselgarar, og kor enn ein var fekkein spørsmål om ein hadde planar for laurdagen.
På dagen i går gjekk eg rundt i nabolaget, og det var rett og slett moro å observere kor mykje folk her la i dette. Kensington, området me bur i, er ei av byen sitt mest fleirkulturelle område, men dette verka ikkje å ha nokon innverknad på feiringa av alle hjerters dag. På butikken rett nede i gata var det nærmast kaostilstandar - menn med ungar på armen, unge gutar, jenter, barn og mødre; alle skulle ha sjokolade, det "rette" kortet og hjerteballongar. Og valentinghelsingar vart sendt ut i aust og vest. "Happy Valentine's dear, and send my wishes to your daughter too!". Som nordmenn kan me gjerne le av det, men her borte er det ramme alvor! Hehe...

For dei som er interessert så har Valentinsdagen blitt feira i England sidan 1600-tallet, og er henta ideen frå myta om Den Heilage Valentin. Valentin var fengsla etter at den romerske keisaren Claudius II truga med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje avsverga seg kristendomen. Valentin nekta, og vart steina til døde i år 273 e.Kr.. Før han vart drepen skreiv han eit brev til kjærasten og bad ho halde seg til gud. Brevet underteikna han "...frå din Valentin"(Henta frå Wikipedia.no).

Eg har tidlegare aldri feira valentine, utanom å skrive kort i tysk- og engelsktimane på ungdomsskulen og på vidaregåande. Men dette var det ikkje snakk om denne gong! Og når eg først er her syns eg heller ikkje det er så verst å være med på galskapen :)
Så, eg kledde meg opp i kjole og pums og gjekk mot subwayen. På den korte vegen rundt hjørnet fekk eg ikkje mindre enn tre helsingar og eit tilbud om skyss til Manhattan. Etter 45 minutt på toget var eg klar for middag i midtown - James hadde reservert bord på Milos, ein

ganske så fancy, moderne gresk restaurant. Lite visste eg om å gå på restaurant på Valentine's Day. Bordet var reservert for fleire veker sidan, innanfor døra fekk alle jenter ei lita gåve med belgisk sjokolade og me vart vist bort til bordet. Eg venta på å få menyen då eit lite rosa ark vart lagt ned framfor meg: det var ein fast meny med 5 ulike rettar for han og henne! Og godt planlagt som det var, var alle "hennar" rettar sjømat! Etter å ha bestilt eit glas vin kom første retten: tunfisktartar for min del, og laksesushi til han. Deretter kom rettane som perler på ei snor: graitinerte kongereker, hummersalat, fiskefilet med risotto og til slutt desserten: tiramisu og sjokoladetrukne jordbær! Måltidet kan berre beskrivast med eit ord: nydeleg. Og det fine med slike restaurantar er at sjølv om det er mange rettar så er det ikkje meir mat enn at ein vert akkurat passe mett. Rundt oss sat det par i alle aldrar, og folk ønska kvarandre ein fin kveld.
Klar for valentinmiddag!

Etterpå rusla me tilbake til leiligheten til James der eg blei servert rødvin, ein vase med roser, kort og ei bok av Siri Hustvedt. Siri Hustvedt er ein norsk-amerikansk forfattar, gift med den kjente amerikanske forfattaren Paul Auster, og skal være med på bokbad hjå sjømannskyrkja her denne veka. Og ikkje nok med det, visstnok kjem deler av slekta hennar frå Voss (Hustvedt) og er i slekt med meg langt langt ute! For eit par helger sidan fekk eg også ei fantastisk veske på Young Designers Market i SoHo på forskot, som eg brukte for første gong i går.
Trur ikkje eg kunne hatt ein betre Valentinedebut! Hihi...

torsdag 12. februar 2009

Endeleg ei oppdatering med utgangspunkt i BROOKLYN ;)

Ja, ja - eg veit der er lenge sidan eg har oppdatert bloggen no... Dei siste vekene har vore ganske hektiske, i tillegg til at dataen min dessverre nektar å jobbe på lag med meg... Og så må eg vel innrømme at eg til tider er litt lat også ;)


Sidan sist så har eg som sagt flytta til Brooklyn, og livet her er faktisk ikkje mindre herleg enn på Manhattan. Rommet er stort og fint, folka er hyggelege og sjølv om området kanskje ikkje er verdens mest spennande så har også det sin sjarm. Omtrent 10 minutters gange, eller 2 minutt med undergrunnen, ligg Prospect Park, som i følgje mange new yorkarar faktisk skal være den finaste parken i byen. Til no har eg jogga rundt den og såvidt eit lite stykke inne i det eine hjørnet, men den ser svært lovande ut! Det meste av området rundt parken er Park Slope, som er eit veldig fint nabolag - og som visstnok skal ha ein god del hippe uteplassar, pubar, bra shopping og koselege kafear. Det skal sjekkast nærmare ut til helga!



Rommet vårt:



Rom 308: min del til venstre, utsikt mot kjokken, gang og mitt kleskap fraa senga mi. Badet ligg "bak" tven.
Rommet inneheld to senger med ein genial skiljevegg i mellom, to skrivepultar, to store kommodar, to lampar (som gjerne skulle vore fire), tv (med Kongen av Queens og Alle Elsker Raymond 24 t i døgnet), minikjøkken med ein ganske så avansert mikrobølgeovn, vask, kjøleskap og frys, gang med to store kleskap og eit stort bad med det som trengs der. Eg er altså rimeleg fornøyd! I etasjen over er det stort felles kjøkken, storskjerm der me kan sjå tv og filmar, biljardbord og "vending machines" med brus og sjokolade ;) Og rett over gata ligg den fantastiske supermarknaden Foodtown og subwaystoppen vår Church Ave.

Puben paa hjornet - Denny's, med Joe, Camilla, Peter, Magnus, (meg) og Steve.

Og på hjørnet ligg den lokale puben Denny's, der me tilbragte ein koseleg kveld med folk frå studenthousingen forrige lørdag! Og som eit lite apropos er ølen 4-5 dollar billigare her enn på Manhattan. Det hoyres ikkje saa aller verst ut, eller kva?

Studiestart:

For litt over ei veke sidan hadde me første dag på skulen i 11. etg av Metropolitan College of New York, downtown Manhattan. Er vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie om det enn at det var maange norske jenter og eit par norske gutar samla på ein plass. Men; studiet virkar utruleg interessant! Klassen er liten, og både lærarar og medstudentar har eg sålangt ingenting negativt å seie om ;) Trur det blir eit bra semester studiemessig også!




Fraa Gonzales y Gonzales og rebuslopet - det siste biletet visar dagen vaar i korte trekk!

I korte trekk har den forste skuleveka bestaatt i:

  • Informasjon, informasjon og informasjon paa onsdagen - og eit stykk gratis adapter til alle.
  • To heile fridagar til for oss paa Kulturledelse.
  • Teater paa Broadway paa torsdagen: "Equus" med sjolvaste "Harry Potter"/ Daniel Radcliff - fantastisk!!
  • Gratis middag paa Gonzales y Gonzales i NoLita fredag ettermiddag.
  • Ein liten tur tilbake til Gatsby's i Spring Street i SoHo etter middagen.
  • (Avskjedsfest for ei barndomsvenninne av James fraa Hong Kong paa Lower East Side.)
  • Rebuslop paa Manhattan: I Love NY-t skjorter, guidebok, norsk flagg, Times Square, venting paa undergrunn, Columus Circle, Central Park, pretzel, venting paa buss, Columbia University, venting paa buss, venting paa undergrunn, 2 timar forsinka til graut i Sjomannskyrkja (fekk vaflar i staden), venting paa undergrunn, endaa meir venting paa undergrunn og venting inne paa eit tog som stoppa, Pier 17 og Southstreet Seaport og GRATIS pizza ;) Med andre ord, mykje venting og berre halvgjort rebuslop. Slik gaar det naar det er arbeid paa halvparten av togrutene...
  • Mamma Mia - the musical - paa Broadway. Veldig bra, men filmen er betre etter mi meining.

Central Park i sol og opp i mot 20 grader, og litt av utsikta fraa MCNY biblioteket der eg sit no.
  • Forelesningar - interessante timar i kulturledelse, og stand-up komikar i american topic-faget - morsomt!
  • Lesing paa biblioteket i 12. etg. paa MCNY - med utsikt mot baade Hudson River, Jersey City og Empire State.
  • Guida tur paa delar av The Metropolitan Museum.
  • Amateur Night at The Apollo Theatre i Harlem - anbefalast

Trur eg allereie kan anbefale dette studiet til alle som er litt interessert i kunst og kultur, planen framover er ikkje mindre spennande enn det har vore til no. Men trur kanskje ikkje det er heilt det samme aa ta det ved hogskulen i Bo i Telemark... ;)

Saann ellers har det ikkje vore tid til saa veldig mykje. Har gaatt turar litt hit og dit, Greenwich Village er eit spennande omraade :) Gjekk tilfeldigvis forbi trappa til "Carrie" igjen, Magnolia Bakery og ikkje minst den vesle Marc Jacobs sjappa (men dei hadde ikkje dei sote lommebokene fraa i fjor...)! Har ogsaa gaatt oppover langs Upper West side - fancy, og rusla meir rundt i Central Park. Veret er ei historie i seg sjolv - det har denne veka veksla mellom sno, regn, - 10 grader og naermare + 20! Gler meg til mars og litt meir stabilt vaarver. :)

PS! Haapar paa aa faa orden paa dataproblemet snart (cross my fingers), saann at blogginnleggene kan bli litt meir spennande att ;p (Viss nokon har ein ide om kvifor ein laptop-skjerm plutseleg byrjar aa "flimre" tar eg gladeleg i mot raad og tips!!)

PPS! For dei som lurar - eg fekk melding i fraa han som spurte om nummeret mitt for nokon veker sidan ;p Tok vel naerare 3 veker enn 3 dagar, men morsomt er det likevel! Hehe... Og om det er interessant aa vite, saa har eg altsaa ikkje svart. Men tida faar vise!

mandag 2. februar 2009

Tredje helga i stikkord :)

Vel tilbake frå Philly og Pennsylvania tok me fatt på nok ei begivenheitsrik helg i det store eplet!


(1. bilete: Camilla, Craig og Eric. 2.bilete: den supersnille bartenderen, som heldigvis fekk bra med tips! 3.bilete: Camilla, Stian, André, meg og James)
  • Vorspiel med James, Camilla sin kompis Stian og kompisen hans André, begge jobbar i Florida og var i byen i anledning Metallica konsert.
  • Bar på 27th og 5th Ave, der Frankie, ein Bloomingdales kollega av James, skaffa oss fri bar heile kvelden gjennom ein bartenderkompis. Møtte også igjen Craig og ein annan kompis av han.
  • Pigs and Vessels, puben like ved James.
  • Å kunne nyte godet å ta taxi heim til SoHo for nest siste gong.
  • Joggetur over Brooklyn Bridge, gjennom City Hall og vidare oppover Chinatown.
  • Bursdagsgaveshopping til mine snille og søte nieser heime i gamlelandet.
  • Striper, kur og klipp på SuperCut av verdens kulaste frisør Toni, ved Union Square.
  • Rusle heimover med James og Camilla.
  • Bestille Gnocchi (pasta) og ete heime.
  • Kjøpe litt god vin på WineTherapy over gata.
  • Identity Lounge - fancy lounge med gratis champis i Lower East Side. Moro med venner som kjenner folk her og der, og som sørger for at me står på lister og slepp cover charge og kø ;)
  • Møte Josh og kollegaer av han på ein pub i nærheiten.
  • Tidleg kveld og nest siste natt i 170 Elizabethstreet.

(På Identity Lounge - første gong eg har stått på liste for å komme inn ein plass!)

  • Strålande sol og endeleg varmt vêr.

  • Endå meir bursdagsgaveshopping i SoHo.

  • Gå rundt og nyte det nydelege vêret i området sammen med James.

  • Young Designers Market :) Der dei sel verdas nydelegaste og spesielle vesker, smykker +++

  • Stikke innom små butikkar og galleri på vegen.

  • William Bennet Gallery: lite koseleg galleri, som for tida har byen sin største samling av orginale Salvador Dalì bilete.

  • Rusle vidare nedover til Tribeca.

  • Møte dei to Philly-jentene Sina og Anna, som etter vår oppfordring hadde tatt seg ein dagstur til NYC, til lunsj.

  • Gå tilbake oppover gjennom City Hall, Chinatown og Little Italy - nesten som tre byar i ein.

    (Lunsj med Sina og Anna i Tribeca)


  • Super Bowl!

  • Super Bowl party med eks-kollegaer av James frå Late Show i ei leiligheit i East Harlem - artige folk, usunn mat, amerikansk fotball, nydeleg balkong, varmt vêr, utsikt over Harlem og East River og herleg stemning.
  • Pakking i Elizabeth street...



(Super Bowl Party i Harlem!)

I dag, mandag, flytta me endeleg til Brooklyn. Hybelen vår er utruleg fin, både rom og bad er mykje større enn det såg ut til på biletene, området verkar ganske spennande, og reiselengda blir me nok vant til etterkvart - det kunne definitivt vore verre! Har ein veldig god følelse her eg sit, ferdig utpakka etter å ha gjort alle innkjøp som trengs til den nye bustaden vår. Her blir eg nok fram til eg må flytte 22. mai! :)


I morgon kjem Ioana tilbake frå Miami, me skal møte resten av folka som bur her, me har siste fridag før skulen byrjar med introduksjonsseminar på onsdag - og eg kan nesten ikkje vente med å begynne å studere igjen. Kall meg gjerne rar ;) Resten av veka skal visstnok være seminar, utflukter med klassen, "bli-kjent-med-Manhattan-rebusløp", velkomstmiddag og Broadway-musikalen Mamma Mia på søndag. Neste mandag startar undervisninga for fullt.

Just a piece of paper?

"Haha... Did you get a man to hold that piece of paper??!" James braut ut i latter då han såg gjennom bileta frå Philadelphia-turen til meg og Camilla. Men er det verkeleg berre eit stykke papir? James beviste i alle fall at han ikkje er erkeamerikansk, for dette stykket papir er faktisk eit av dei viktigste stykka papir i amerikansk historie: nemleg Uavhengigheitserklæringa frå Storbritannia, underteikna 4. juli 1776!

Forrige veke stakk me heilt tilfeldig til Philly eit par dagar, etter å ha diskutert og sett på bussruter til både Boston og Washington DC. Philly hadde aldri vore i planane våre før me såg at turen dit var to timar med buss, i motsetjing til fire timar til dei to andre byane. Og åtte timar på buss, fordelt på to dagar frista lite. Så me bestilte bussbillett til torsdag morgon, og heim att fredag ettermiddag, og byrja å lese oss litt opp på denne byen som ein gong var landet sin viktigaste.


Kor enn me gjekk i Philly handla det på ein eller annan måte om uavhengigheit og fridom. Det første me besøkte var den britisk laga klokka Liberty Bell. Som sidan 1776 har vore amerika sitt fremste symbol på fridom, etter at den skal ha ringt då uavhengigheitserklæringa vart underteikna. Klokka er også kjent for sin spesielle lyd, på grunn av ei stor sprekke som går frå bunn til topp på eine sida. Tidlegare hang klokka i det som då heit State House, i dag Independence Hall, men er no flytta over gata til eit eige museum. Independence Hall var neste post på programmet, og det var altså her dei forente statane offisielt vart til og me fekk ta bilete av dette spesielle stykket papir. Rundt omkring i gatene kunne me sjå forgylte skilt som viste viktige hendingar på staden, og både forkjemparar for kvinner og homofile sine rettar var nemnt ulike plassar.




Dessverre er ikkje Philly ein viktig og oppadgåande by i dag, men heller ein som går nedover i motsetjing til New York. Dei flotte kjøpesentra ein tidlegare kunne finne er bytta ut med KMart og liknande, og sjølv om sentrumet er lite, stille og koseleg har utkantane av byen større problem. For folk flest, i alle fall utanfor USA, er byen kanskje minst like kjent for å være opphavsstaden til Will i Fresh Air i Bel Air og byen der Rocky filmen vart spelt inn. Me tok turen ut til Philadelphia Museum of Art for å sjå dei kjente trappene frå filmen, og Rocky Balboa statuen som er sett opp like ved.




På kvelden skulle det være Pub Crawl arrangert av hostellet me overnatta på, men før dette var me også innom fengselet Eastern State Penitentiary og den vesle, koselege sjokolade kafeen Naked Chokolate, som skulle ha byens beste sjokolade. Etter å ha stått å sikla over all sjokoladen ei stund gjekk begge for ein brownie sundae, med krem og karamellsaus. Skuff!! Av alt det gode dei hadde valgte me såklart den med gammal, tørr brownie berre oppbløytt av supersøt og klissete karamellsaus og eit lass med krem. Den blei ikkje eten opp. Middagen på indisk restaurant etterpå var derimot ein suksess!





Seinare inviterte altså hostellet på Pub Crawl. Men ikkje nok med det, dei inviterte også på vorspiel med gratis drikke til gjestene. Og utover kvelden vart me kjent med dei to søte jentene Sina (frå Tyskland) og Anna (frå Austerrike), som begge hadde vore Au Pairar i Denver dette året, to spanjolar, ein tyskar og ein som jobba på hostellet. Turen gjekk vidare til ein pub med øl til $1 mellom kl. 22 og midnatt. Det vart ein billig kveld!





Dagen etter forsette me sightseeinga frå dagen før, og var innom Elfreth's Alley, som skal være amerika si eldste gate. Og før me tok bussen heim att rusla me bort til byen sitt hippiestrøk og såg på den utrulege "Magic Garden", som er eit spennande kunstprosjekt av glass, fliser, keramikk og mykje anna spennande satt saman til store mosaikkar på veggar både inne og ute.

Me hadde altså eit par spennande og effektive dagar i den gamle hovudstaden! Eit par dagar i Philly kan absolutt anbefalast, og det samme kan det sentrale og koselege Apple Hostel.


PS! Camilla (FSTP): Me møtte på ei ny Topsy på dormen!! Med rullator til og med :P Cred til godt vaksne amerikanske damer som reiser landet rundt på budsjett!