mandag 30. mars 2009

Naar sostrene Hirth inntar storbyen...

... kan visst alt skje!


Helga 18.-22.mars kom Borghild og Jorunn paa besok over dammen. Dei ankom i straalande sol og skikkelig vaarvarme, saa det foerste me gjorde var aa ta subwayen inn til SoHo og rusle ned til Little Italy. Der me paa ekte italiensk vis kosa oss med pasta og raudvin paa uterestaurant, mens kelnarane floerta og det blei spelt levande musikk i gata. Ein herleg start paa ei morosam helg!

Torsdagen blei diverre ikkje like varm og fin, og medan eg var paa skulen nokre timar klarte dei andre aa halde seg toerre og varme ved aa bruke litt tid og pengar i sminkeavdelinga paa Macy's ;) Resten av helga vart heldigvis finare, og me utnytta dagane godt, med blant anna;




  • Shopping i SoHo
  • Kaffi paa Starbucks
  • Oppleve ein torsdag kveld paa Denny's: det som i utgangspunktet berre skulle bli ein oel paa den lokale puben vaar foer me reiste vidare til Brooklyn omraadet Carrol Gardens, blei plutseleg til ein ganske saa billig heilaften og ei rekke nye bekjentskapar fraa Brooklyn. Trur faktisk B & Yoghurt hadde det ganske saa moro der dei og ;)



    • Spasertur over Brooklyn Bridge
    • Ground Zero
    • Shopping paa Century 21
    • Wall Street
    • Battery Park, der me kunne skue Freitsgudinna langt der ute

    • Lunsj i Greenwhich Village
    • Times Square by night
    • God middag med ei mindre god ostekake til dessert...
    • Koyretur med hest og vogn gjennom Times Square rundt midnatt; Jorunn sjarmerte ein hestekoyrar i senk daa ho kunne fortelje at ho var bonde med hestar fraa Norge. Saa me fekk oss ein gratis tur til den to etasjers stallen i Midtown. Der fekk me helse paa alle hestane, og lukta godt av hest etterpaa ;) Har ikkje ledd saa godt paa lenge, der me stod fint pynta med hestemoekk under haelane! Hahaha... Har sagt det foer, og seier det igjen: alt kan skje i New York!! Turen gjekk vidare til ein typisk irsk pub like ved.
    • Mercer Bar - ein litt "hippare" bar/lounge i SoHo.

    • Top of the Rock - Jorunn og Borghild fekk nyte synet av Manhattan fraa toppen av Rockefeller
    • Rusling langs 5th Avenue, med litt shopping innimellom
    • Pustepause i vaarsola i Central Park, med cup cakes fraa kjente Magnolia bakery :)
    • Subwaykaos
    • Skoshopping i Central Park
    • Middag i Chinatown
    • Ein oel og to til paa Denny's

    • Sunday stroll i Prospekt Park

    Takk for ei flott helg, litt paa etterskot!!

    Eg har forresten investert i ein ny mini-pc, ettersom det var billigare enn aa fikse den gamle her... Er veldig fornoyd, utanom alfabetet :p

    tirsdag 17. mars 2009

    Skjulte skattar!

    Mens eg har vært her har eg gått masse rundt i dei ulike områda, fått prøve ein god del forskjellige restaurantar, pubar, uteplassar og både handla og vindaugsshoppa i både fancy og billige butikkar. Det er morosamt å pynte seg og gå ut og ete på ein fin restaurant, eller bli opppvarta på Hard Rock Café på Times Square. Og det er definitivt ei morosam kjensle å gå forbi ein lang kø, sleppe gratis inn, få bordplass og gratis drikke på ein av dei store klubbane fordi ein står på gjestelista til promotøren ein kjenner. Men desse restaurantane finn ein kvar enn ein reiser. Det samme gjer ein med dei store merkebutikkane, som når ein ser bort i frå prisane er meir eller mindre dei same som me har heime i Norge. Og musikken på klubbane er ikkje min stil, heller ikkje syns eg det er stor stas å stå som sild i tønne og danse med sveitte folk på alle kantar utan nokon mogelegheit til å snakke med nokon.



    Dei siste vekene har eg fått mogelegheit til å oppleve ei anna side av Det Store Eplet også. Nye favorittområde, plassar å handle og ete og uteplassar dukkar opp ein etter ein! Fantastisk, seier berre eg :)

    Her er nokre favorittar sålangt:

    The Burger Joint

    Forrige torsdag skulle klassen min sjå Paul Taylor Dance Company uptown Manhattan, og me møtte opp til pre-talk på teateret i 56th street. Der viste det seg at ho me skulle snakke med var litt forsinka, og sidan lærarane visste me hadde litt ekstra å gå på på budsjettet fann dei ut at assisterande direktør for Gateway i NY skulle vise oss sin yndlingsrestaurant. Visstnok skulle det ikkje være spesielt fancy og dyrt, men me byrja å lure litt då me gjekk inn på eit ganske så fint hotell ei gate lenger opp. Tett etter Eivind fulgte me gjennom resepsjonen, bak ei stor søyle og inn ein kort gang. Der hang det ein liten lapp der det stod; The Burger Joint. Me var framme! Tidlegare skal dette ha vore NY sin best gøymte hemmelegheit. No skal dei ha NY sine beste hamburgarar. The Burger Joint er ei lita "bule", med små båsar og ein disk der ein bestiller hamburgar og "fries". Eivind bestilte x antal burgarar og "fries" og etterkvart som me fekk plass ved dei fulle borda landa maten framfor oss: burgarane innpakka i papir, papirposar med pommes frites, brus og papptallerkar med ketchup på. Pommes fritesen var god, og eg tvilar ikkje på at burgarane smaka fantastisk! På veggen rett bak bordet mitt var det overfylt med signaturar frå diverse folk som hadde stukke innom, både kjente og ukjente. Såg mang ein kjent autograf der ;)

    Monkeytown

    Laurdag var det duka for ein konsert med Patrick Bower på Monkeytown i Williamsburg eg hadde sett fram til lenge. Nokre jenter i klassen var der for eit par veker og beskreiv det som magisk, så forventningane var store. Me hadde bestilt bord til oss fem, og hadde avtalt å ete middag der. Dei andre reiste direkte frå Manhattan, så eg skreiv ned adresse og retningsbeskrivelse for å finne det på eiga hand. Det var berre andre gong eg var i området, men etter eit å ha tatt feil av høgre og venstre eit par gongar var eg der eg trudde det skulle være. Ei ganske mørk gate utan nokon skilt, noko som såg ut som uteplassar og berre eit par stykk som stod å røykte utanfor noko som heller såg ut som ei husdør. Eg spurte om dei visste kvar Monkeytown var, og fekk høyre at "jo, eg var kommen til byen med alle apane - berre gå inn døra og sjå!". Hehe... ;) Inne var det ein liten bar og eit par bord, der eg venta på at dei andre skulle komme og at konsertlokalet skulle åpne.



    Litt før åtte var alle komt og me vart geleida bak baren og inn der konserten skulle være. Og eg må rett og slett innrømme at eg vart nesten lamslått av kor koseleg det var der inne: eit passe stort kvadratisk, kvitt rom med store og herlege sofaer med låge bord langs veggane, dempa belysning, behageleg musikk, store lerret på alle fire veggane og plass for musikarane midt på golvet. Me slo oss ned i sofaen, bestilte mat og raudvin og såg på folk rigge til, komme inn og Patrick Bower sitjande på andre sida av rommet med eit glas vodka & cranberry juice. Ein kompis av han varma opp med country musikk og westernfilm rullande på dei store lerreta. Faktisk veldig stilig i denne settingen! Raudvinen smaka godt, og den indiske thalien eg bestilte til middag var kjempegod :) Bower starta opp med å kveike stearinlys, medan me sparka av oss skoa og krølla oss godt til rette i sofaen med vinen. Før dette hadde eg berre høyrt musikken hans på MySpace, men oi, så bra det var! Roleg indie-liknande musikk.



    (Patrick Bower på Monkeytown)

    Det var heile settingen og stemningen der som gjorde det så utruleg bra, måten rommet var møblert og belyst, dei store lerreta med filmar, maten, vinen og musikken! Ein fantastisk kveld, som forsatte vidare ut i Williamsburg jungelen av pubar ;)


    (Eg og Ida i Williamsburg)

    Williamsburg

    Å gå rundt i Williamsburg på kveldstid var veldig moro, fordi det var unge folk overalt og ein trengte berre gå rundt eit hjørne for å finne ein ny plass. Søndagen var det fint vær og eg kunne ikkje sitje inne på Dormen heile dagen, så turen gjekk tilbake til Williamsburg. Og Williamsburg og området rund Bedford Ave kan absolutt anbefalast på ein søndag! Langs gatene var det nesten som ein marknad; bord med brukte smykke, kle, lp-plater, bøker og vesker til ein billig penge var plassert rundtomkring og alle mulige typar folk gjekk rundt og naut søndagsettermiddagen og leita etter ein koseleg kafé å ete brunsj på.

    Eg kikka inn vindaugene på dei små og spanande kafeane og butikkane som låg strødd rundt i gatene - for her er det nesten ikkje ei einaste kjede eller merkevare å oppdrive! Midt i blinken for meg :) Skal definitivt tilbake hit på smykke-,veske-, lommebok- og mykje-anna-shopping!! Hihi... Litt shopping blei det forsåvidt også denne gongen, for eg dumpa tilfeldigvis borti ein som delte ut reklame for ein marknad for unge designarar. Marknaden var litt som den i SoHo, men kanskje endå meir spennande. Eg fell pladask for eit kjede med ei dominobrikke, dekorert med eit glasert bilete av ein av dvergane i Snøkvit, som anheng. Ti dollar og ein time med venting på at limen skulle størkne var smykket mitt! Eit par brukte øyredobbar frå eit av gateborda fann også ned i det søte handlenettet mitt i frå Mongolia. Etter ein liten oppfriskar på ein juicebar, ein kikk innom MiniMarked og nokre bilete av spennande veggmaleri stakk eg heim igjen. Gler meg allereie til neste gong eg skal dit! :)
    The Bell House

    (The New Wine)


    Mandag var det tid for Øya Showcase her i New York. Enklare forklart er dette reklame for øyafestivalen! Og plassen dette er nok ei bortgøymt perle, som for ei gong skuld ligg nært der eg bur. Blant dei fire banda som skulle opptre var bergensbanda The New Wine og Casiokid, og såklart måtte eg ta turen dit! Hadde høyrt mykje bra om denne plassen også, så etter den gode opplevinga på laurdagen var eg spent. Eg tok følgje med Magnus og Peter frå dormen og tok toget til Smith & 9th st. Magnus hadde heldigvis vore lur nok til å skrive ned adressa, men vegbeskrivinga hadde me gløymt... Blant alle lagerbygningane i det mørke området var det rimeleg vanskeleg å finne fram, men etter å ha gått fram og tilbake og spurt oss fram eit par gongar var me endeleg der - eg rimeleg letta over ikkje gå der på eiga hand. Først kom me inn i baren, med tunge skinnmøblar, mørkt treverk og musikken til kveldens første band i bakgrunnen. Brooklyn Lager øl vart servert i store glas, og etterkvart bevega med oss inn der sjølve konserten fann stad. Øya reklame hang på dørene, det var ein scene midt på eine langsida, ein bar i enden og nokre bord og krakkar plassert bakerst- elles var det som å komme inn på ein gammal låve.

    (Casiokid på The Bell House)


    Første band var litt overivrig og bråkete, men når The New Wine entra scenen klokka 9 snudde stemninga. Dei var kjempeflinke, og folk samla seg rundt scenen. Veldig bra :) Neste ut var eit anna NY-band, ikkje det beste eg har høyrt det heller. Men me nytta tida til å drikke litt øl, snakke og gle oss til Casiokid. Eg var spent på kva eg kom til å synast om musikken deira, ettersom elektronika ikkje er heilt meg. Men eg vart overraska nok ein gong! Stemingen var superbra, og folk stod og dansa overalt - eg klarte rett og slett ikkje stå stille :) Etter konserten gjekk mange, men dei fleste nordmennene, både me, artistane og andre skandinavar som bur i byen, samla seg i baren og dansa og hang der til det stengte.
    Utruleg moro å finne slike plassar der ein ikkje skulle tru det fans nokon ting! Trur det er mange slike skattar rundt omkring i Brooklyn. Samtidig viste jo The Burger Joint at Manhattan sine fancy omgivnader også kan skjule spennande "spots" ;)

    No har eg fått besøk av besøk av begge yndlingssøstrene mine, så eg gler meg til å vise dei rundt i helga!

    søndag 1. mars 2009

    Another fabulous weekend in The Big Apple



    Eg blir rett og slett ikkje lei. Før eg reiste såg eg for meg at eg kom til å ville reise ein del rundt i helgene, for å oppleve nye ting. No skjønner eg det at ein såvisst ikkje treng å reise langt, eller å bruke mykje pengar, for å oppleve nye og spanande ting her! Eit månadskort på subwayen er nok til å oppleve det aller meste, faktisk kan ein sjå dei fleste verdsdelar i løpet av ein dag. Denne helga har bydd på mykje, alt i frå ein engelsk pub i SoHo, loppemarknad i Queens og varm brownie med is på Hard Rock Café på Times Square!
    Helga i stikkord:
    • Tur over Brooklyn Bridge med Camilla
    • Fulton River Park, supersøt park i DUMBO - ved East River, midt i mellom Brooklyn og Manhattan Bridge og verdas finaste utsikt til Lower Manhattan
    • Nye flinke og dårlege musikarar på "toget"


    (Brooklyn Bridge - my favourite!)
    • Framføring av prosjekt om kulturfestival for unge på Subwayen, i prosjektleiingsklassen
    • Vorspiel i Little Italy
    • Plan om å gå på konsert på Cake Shop på Lower East Side, men enda heller opp på ein engelsk pub i SoHo med jenter frå klassen
    • Brooklyn Lager - utruleg godt, billig lokalt øl



    • Loppemarknad i Queens: fyll ein papirpose for $20, og støtt heimlause med AIDS - vart etter mykje leiting 3 belter, ei herreskjorte, ein bluse, to sjal og ei skinnveske rikare for omlag 70 kroner ;)

    (Shopping i Queens - blei inga bukse på meg ;)


  • Rusletur i Williamsburg med Ingrid, Ida og Linda frå klassen
  • Cd-shopping og lunsj der - eit område eg definitivt skal "henge" meir i!

  • (Williamsburg)
    • Jentevors hjå skotske Nikki på dormen, med Camilla, Ioana og amerikanske Nicole, Jamie og Stacey
    • Fest hjå tyrkaren Gokhan i første etasje - internasjonalt miljø!
    • Tidleg kveld


    (1. eg og Stacey, 2. Nicole, Nikki og Camilla, 3. Nicole, Jamie, Nikki, Camilla, eg og Stacey, 4. Darryl - kjærasten til Ioana)
    • Jobbing med mid-term oppgåva
    • Vaske hybelen
    • Sunday stroll til det jødiske området like ved med Magnus og ein frå Trinidad
    • Hard Rock Café på Times Square - Mojito, veggie burger til middag og brownie med is til dessert - med Ioana, Camilla og dei to norske venninnene hennar, Kristin og Hildegunn, som kom på besøk i dag

    (Hard Rock Café)
    No gler eg meg berre til å få levert første oppgåve, og så ta fatt på ei ny og spennande veke som blant anna kjem til å innehelde forelesningar med David Conte (som jobbar på Broadway), besøk av grunnleggjarane bak Voss Vatnet og besøk til Snøhetta-kontoret i NY.
    Life is good!