onsdag 28. januar 2009

Byen med det rare i!

Som de sikkert har skjønt etter å ha lese tidlegare innlegg er det ikkje mykje som er forutsigbart i denne byen. Mennesker, barar, koselege restaurantar og kafear, kommentarar og alt muleg rart dukkar opp når du minst ventar det! Det har dei siste 24 timane vist til sitt fulle.
Planen for kvelden i går var å møte James og Josh for ein drink i nærleiken. Det burde kanksje ikkje komme som ein overraskelse, men etter å ha venta på Josh i x antal timar kom meldinga om at han vart trøytt etter middag og ikkje orka å gå ut. Sidan dette hadde skjedd før var det altså ikkje eit stort sjokk, men me andre lurte så på kva me no skulle gjere. Når meldinga kom satt me på Phebe's, ein tilfeldig restaurant/pub på Bowery Street. Eg må innrømme at eg tenkte at "jaja, det var den kvelden...", før dei irske genene til James plutseleg slo inn! Han kom på at han visste om ein skikkeleg stemningsfull irsk pub nokon kvartal lenger borte. Og stemningsfull var rette ordet!

Ute var det surt og kaldt, men så snart me kom innom døra på McSorley's Old Ale House slo lukta av mennesker, øl og sagmugg i mot oss. Me blei plassert på eit lite bord i eit hjørne mitt i lokalet, og spurt om me ville ha lyst eller mørkt øl. Det var ikkje snakk om å få tak i Amstel Light, Blue Moon eller Budweiser der i gården. Me bestilte fire lyse øl, og eit par minutt etter skvulpa åtte ølglass med heimebrygga lyst øl ned på bordet! Alt ølet dei sel er brygga sjølv, og på grunn av store mengder skum får ein dobbelt så mange glas som ein bestiller.

Klientellet var utruleg variert, alt i frå eldre menn med irske aner til elektroingeniørar frå Upper West. I helgene er denne brune puben visstnok så populær at det er kø utanfor, på tross av at dei ikkje har musikk av nokon form. I alle fall ikkje anna musikk enn dei irske drikkevisene som kjem fram i takt med at stemningen stig.

På veggene hang det gamle bilete, buttons, avisutklipp og masse anna ting og tang. Dei solide treborda hadde store merker etter tomme ølglas som vart sett hardt i frå seg, og golvet var dekka av spon. Over disken heng ein nedstøva lampe med nokre rare kyllingbein dinglande. Dei har ikkje blitt rørt sidan krigen, då alle dei irske mennene hang opp eit kyllingbein kvar då dei måtte reise ut. Etterkvart som dei kom heim att tok dei ned sine eigne, og dei som no heng der er symbol på dei som aldri kom tilbake. Dette er ein pub i alle fall ikkje eg hadde forventa å finne midt i det hippe strøket på Manhattan, men det er definitivt ein plass eg kjem til å komme tilbake til. Både på grunn av stemninga, det gode ølet og drikkevisene eg ikkje fekk høyre i går!

Ein heilt an ting som er rart for oss norske jenter er måten ein vert sjekka opp på. Første gongen me såg dette live var då me var ute med James og Josh for å feire innsetjinga av Obama. Etter ein halv øl på den lokale puben i Spring Street går Josh plutseleg bort til baren. Etter ei lita stund har han skaffa seg nummeret til jenta bak bardisken. Tre dagar etter har dei avtale om ein date. Med andre ord: akkurat som på film! Når eg så nevnte at dette omtrent aldri ville skjedd i Norge (i alle fall ikkje som eg og Camilla har fått med oss), fekk eg berre eit rart blikk og eit spørsmål om korleis folk møtes der.

I dag fekk eg oppleve dette på endå nærare hald. Etter å ha vert på Morgan Library & Museum åt eg og Camilla ein tidleg middag på ein enkel mexicansk restaurant i St. Marks Place. Mens me satt og åt burritoane våre kom ein ganske så kjekk mann inn og bestilte mat. Me såg at han gløtta så vidt bort på oss nokre gongar, men tenkte ikkje så mykje over det. Rekna vel kanskje med at me heller såg ut som to drukna kattar etter å ha traska rundt ute i regnvêret.

Men då me skulle gå litt etter vart dei små blikka erstatta med eit lite smil og litt sjenert flørting i det me gjekk forbi bordet hans. På grunn av regnet vart me ståande litt like utanfor døra mens Camilla røykte. Etter ei lita stund vinka mannen, som snart skulle presentere seg som Tom, meg inn att. Han lurte berre på om han kunne få nummeret mitt, og om eg kanskje ville bli med på ein kopp kaffi ein dag dersom han ringte. Eg tenkte jo at dette var litt morsomt, og å gje nummeret sitt er jo ikkje det samme som å takke ja til å møtast, så han fekk nummeret og eit ganske så nølande "me får sjå". Så no vert det spennande å sjå om eg hører noko om ein 3-dagars tid! I alle fall dersom eg gav han riktig nummer - er ikkje alltid like enkelt å hugse alle tala i rett rekkefølgje...



tirsdag 27. januar 2009

Helga i stikkord
















  • IHoP - International House of Pancakes


  • Billig shopping i Brooklyn


  • Litt dyrare, men framleis billig, shopping i SoHo - pumps og skinnjakke til under 500-lappen

  • Vin og kos i 170 Elizabeth street :)


  • Taxi til West Village


  • Taxi tilbake for å hente 1 stk glømt ID


  • Typisk frat-party pub i West Village - med beer-pong og ellers skikkelig collegestil


  • The Wha - live music pub



  • Gå tur langs Central Park og 5th Ave, frå 59th til 86th street


  • Skøyter i Bryant Park - strålande sol, jazz og godt selskap


  • Varm grønnsakssuppe til lunsj


  • Pizza slice og ein avslappande ettermiddag heime


  • Vin og kos i leiligheten


  • Fest med CBS-News kollegaene til James downtown ved Wall Street


  • Latino pub heilt oppe på west 81st street, med James sin kompis Craig og hans venn Ben frå Oklahoma


  • Pub i nærleiken av 59th street


  • Cupcakes til nattmat



  • Sove lenge


  • Rusle oppover Broadway


  • Lunsj på dineren Cozy, der Big Daddy blei spelt inn


  • Besøk og rundtur på Bloomingdales


  • Taco i Elizabeth street


  • Stikke innom ein heilt tilfeldig russisk lounge "under jorda" - utruleg stilig!




mandag 26. januar 2009

Norsk taco, pannekaker, kaloriar og fake sushi!


Restaurantar, diners, kaféar, delis, bakeri, pizzaria, kebabboder, pretzelsboder: New York er ein by med eit uttal plassar å sløkke svelten med mat i frå alle verdas hjørner.


Første kvelden åt me på TGI Fridays på Times Square, der alt er dyrt, frityrsteikt og inkluderer for det meste kjøt. Ikkje min favorittplass, med andre ord. Etter det har me heldigvis komt forbi koselegare plassar med betre mat! Det har vore omelett på NoHo Star, pizza på Hotel W, bagel med cream cheese på ein og annan random deli og salat på dineren der filmen Big Daddy vart spelt inn.


Eg er usikker på kvifor, men saman med prisane på menyane her borte står kaloriantalet i retten. Kanskje er det for å motvirke overvekt hjå matglade amerikanarar og turistar? Ein tenkjer seg i alle fall om ein ekstra gong når ein ser menyen på TGI Fridays, og nærmast samtlege rettar overstiger 1300 cal. Heldigvis er ikkje alle restaurantar som den! Også på Starbucks heng det tabellar over disken, og for ein te-elskar som meg er det jammen bra at teen er det einaste det står ein stor 0 bak ;)



Fredag ettermiddag tok me turen over til Brooklyn for å nyte ekte amerikanske pannekaker på IHoP; International House of Pancakes. For $5 fekk eg fem store pannekaker med sirup, og så mykje påfyll ein kunne ønskje. Men lurar på kor mange som faktisk bestiller påfyll etter det lasset?

Den mest spesielle maten så langt fekk eg derimot kvelden før! Eg og James gjekk og rusla i West Village på jakt etter ein ok plass å ete då me plutseleg kom over ein japansk restaurant; Soy Japanese. Sidan eg aldri har smakt sushi fann me ut at det hadde vore moro å prøve, og gjekk inn. Men etter å ha kikka litt på menyen stussa me litt. Dei reklamerte med å være vegetariske, men kvifor hadde dei så kylling på menyen? Kelneren kunne så forklare dette med at alt faktisk var vegansk! Alt som ikkje var grønsaker var soyaprodukt. Eg har dermed framleis til gode å smake sushi, sjølv om eg no har fått prøvd sushi med soya laks. Ikkje akkurat rå fisk, men utruleg godt! Me prøvde oss også på soya kylling og soya is, nam nam :)

På tross av alle dei ulike tilboda er det likevel herleg å kunne nyte maten heime i fred og ro, utan å måtte vente på maten, vente på å betale, betale tips osb. Med Chinatown og Little Italy like i nærleiken er ikkje det noko problem. Vil ein ha noko enkelt og raskt stikk ein berre innom ein av sjappene som sel pizzastykker for $2, eller om ein kunne tenkje seg kinesisk har ein også det klart på under tjue minutt. I går laga me derimot maten heime sjølv. Camilla inviterte på norsk taco, som etter å ha ransaka ulike matbutikkar faktisk smakte like kjent og godt som tacoen me er kjent med heimefrå!



For tida er det New York Restaurant Week, som i praksis betyr at restaurantar tilbyr 3-retters til ein billigare penge. Og med vener som kjenner til byens restaurantverd, skal også dette bli prøvd ut i næraste framtid! Eg gler meg :)




------------------------------------------------------


Ein pitteliten oppdatering på boligfronten: Bur framleis i SoHo, men flyttar til Brooklyn mandag 2. februar... Litt kjedeleg, spesielt med tanke på avstanden, men skal bli litt herleg å komme i orden ein plass også. Byrjar å bli litt lei av å delvis leve i koffert!



Og når det gjeld kommentarar: Er det ikkje berre å krysse av på "anonym"? Trur ikkje det skal være så vanskeleg ;)
r

tirsdag 20. januar 2009

Snø, skøyter og skyskraparar!

Dei fleste tenkjer på Manhattan som byen med alle skyskraparane, Manhattan Skyline er det folk ser for seg når dei tenkjer på New York og alle kjenner til Empire State, Rockefeller og Trump Tower. Men øya er også full av såkalla grøne lunger. Dei fleste har høyrt om Centrak Park. Men det fins parkar av ulik størrelse er spreidd utover alt. På joggetur i går formiddag oppdaga eg ein "ny" slik fin liten park; Rockefeller Park. Med utsikt mot Jersey City, Friheitsgudinna og Hudson River og mange små morsomme dyrefigurar plassert rundt omkring.


Uprtown ligg ein annan liten søt park, om enn litt større, midt i mellom svære kontorbygningar, hotell , New York Public Library og andre fasjonable skyskraparar. I løpet av året er det mykje som skjer i denne parken, blant anna held New York Fashion Week til her. Om vinteren lagar dei til skøyteis på ein del av parken, slik at new yorkarane kan komme hit og få litt frisk luft i mellom slaga. Inngang til The Pond, som skøytebanen heiter, er faktisk gratis. Så kan ein leige skøyter og skapplass til vesker for ein ganske så rimeleg penge.


Eg har stått masse på ski i mitt liv, men skøyter har eg aldri prøvd før. Og søndag kveld hadde det seg slik at James introduserte oss for ein kompis som hadde planer om å prøve The Pond neste ettermiddag. Når han så inviterte oss med var jo det ein gylden sjanse eg ikkje kunne la gå i frå meg. Litt engstelig for foreståande knall og fall (i alle fall for min del) stilte me oss i kø utanfor. For det viste seg at det var fleire enn oss som tenkte seg på skøyter på Martin Luther Kings Day, kanskje ikkje så rart med tanke på at det er ein nasjonal fridag? Me kom oss uansett fram, fekk leigd oss skøyter og plutseleg sto me ved isen klare til å trakke innpå. Korleis skal dette gå, tenkte eg. Men det gjekk faktisk overraskande bra! Baken min hadde visst ikkje trengt å stålsette seg for harde fall, for sjølv om dei første rundane var litt stavrande så klarte eg å halde meg på beina heile tida! Gjekk faktisk så bra at eg etterkvart kunne bli med på tikken, eller "tag" som det heiter her, med Josh og Camilla :) Eg bør vel innrømme at det snødde ganske kraftig, slik at det kanskje var litt enklare for nybyrjarar som meg... Men andre datt som fluger rundt oss likevel. Uansett, ein skikkeleg idyllisk ettermiddag!


James møtte oss utanfor og inviterte på middag hjå seg etterpå. Så mens Camilla og Josh stakk downtown for å skifte av seg fuktige kle etter all snøen som lava ned, rusla eg oppover 5th Ave med James. Kjekt å ha ein lokal guide! Eg har hatt bange anelsar om at han bur rimeleg bra, spesielt etter at han fortalte at Beyonce og Jay-Z bur i samme bygget, men utsikten som viste seg når me gjekk inn døra i 37. etasje slo verkeleg pusten ut av meg. Det var som om heile Queens låg rett under oss. Rett og slett fantastisk!! Den 3-roms store leiligheiten elles var definitivt ikkje så verst heller, men den tilhøyrer altså mora og ikkje James sjølv. Og faktisk var me såpass høgt oppe att både telefondekning og internettet var så som så.


Ein herleg mandag i The Big Apple!

PS! Ingenting nytt på boligfronten... Byrjar å bli rimeleg oppgitt over Gateway, som rett og slett ikkje klarer å få ut fingeren og gje oss noko svar. Har bedt om å få pengane våre tilbake (nesten 45 000,-) slik at me kan finne ein plass sjølv, så får me sjå når dei bestemmer seg for å ta kontakt!

søndag 18. januar 2009

Magiske New York!





Andre dag i New York City, framleis med utgangspunkt i SoHo vel og merke:




  • Nydelig kaldt vær.
  • Joggetur downtown langs Hudson River, og observere flyet som framleis ligg og flyt utpå der.
  • "Chilling" i leiligheiten i SoHo.
  • Stikke nasen ut i kulda igjen, og ta toget uptown.
  • Tine opp att nasen på Starbucks.
  • Knipse bilder av den fantastiske utsikta frå Empire State.
  • Shopping rundt Herald Square.
  • Varm sjokolade på ein Diner på Times Square med gamle og nye venner.
  • Vin og morsomheiter med dei samme nye og gamle vennene i leilegheita
  • Nye bekjentskaper, tilfeldigheiter og spontantur på byn.
  • Suba - tilfeldig spansk bar i Lower East Side.
  • Gule NY taxier.
  • Nach med film i leiligheten.
Har det veldig bra her borte, nesten som ein drøm!




Har framleis ikkje fått noko klart svar når det gjeld bolig, men godt mulig det blir leilighetsjakt i nærmaste framtid. Hadde forsåvidt ikkje vert meg i mot, liker denne delen av byen!
By the way - check out what chilling in 170 Elizabeth Street is like ;)

fredag 16. januar 2009

Boligtull


Turen bort gjekk så smertefritt som det kan gå, landa før tida både i London og NYC, passkontrolløren som sjekka visum plystra og sang, tollen sendte oss rett vidare og det var null taxikø. Men hellet kunne jo ikkje vare... Taxien stoppa utanfor boligen i Brooklyn, eg gjekk inn for å sjekke at det var rett plass og fekk bange anelsar då den supervennlege vakten helste meg med eit trist "Åh, hei. Er de frå Gateway? Dei har dessverre ikkje ført over pengar til oss så me har ikkje rom til dykk.." Så står me der, midt i Brookly, utan rom, kva gjer me? Me prøver jo å ringe dei som er ansvarlege for dette her i NY, men mobilen er avslått. Heldigvis får me kontakt med ei i Oslo, som står opp midt på natta, reiser på kontoret og forhåndsbetaler hotell Downtown Manhattan for oss. Takk og lov! Det tok oss til Sohotel i Little Italy, og utover kvelden og natta blei det klart at det ikkje blei Brooklyn på oss på ei stund endå. Kvifor er framleis litt usikkert, men det var eit problem med betaling, kontrakt og advokatar mellom Gateway og NY Studenthousing... No har me flytta til ei flott leiligheit i Soho, nærmare bestemt Elisabeth Street, og har møtt Ioana som i utgangspunktet også skal bu i Brooklyn. Området er utruleg spennande, med Little Italy og Chinatown rett rundt hjørnet, relativt rolege gater og nærheit til det meste. Så spørs det vel berre kor lenge me får bu her, korleis Gateway ordnar opp i problema og når me faktisk kan få pakke ut!! Fortsetjelse følgjer ;)


Jetlagen førte til ein svært så tidleg morgon i dag, og halv åtte var me ute av døra. Har ete bagel and creeme cheese til frukost, vert innom Starbucks, hutra oss rundt i dei iskalde gatene, tatt bilete på 5th Ave, kjøpt månadskort på subwayen og ikkje minst kjøpt nytt kamera!! Canon PowerShot SD880 IS, nydelig kompaktkamera i gull, med vidvinkel, 10 mp, 4 x optisk soom og elles det eg kan trenge. Å handle kamera i NY er ein opplevelse i seg sjølv! Var først innom B&H, der kameraene vart sendt rundt i taket og hassidiske jødar med hatt og krøllar ekspederte i alle retningar. Dei hadde ikkje kameraet eg i utgangspunktet ønska, og sendte meg vidare til konkurrenten Adorama. Dei var ikkje like fancy, men dei bak disken endå morsommare. Hadde ikkje kameraet dei heller, men etter god hjelp bestemte eg meg altså for eit canon. Sparte til og med litt pengar på det! Svært nøgd :)


No lager Ioana amerikanske pannekaker til lunsj, og etterkvart vågar me oss nok ut i kulden att!

onsdag 14. januar 2009

New York, New York


Om nøyaktig ein halv time sett eg meg i bilen her heime i Myrkdalen, og eg er på veg mot The Big Apple!


Turen min vil ta bortimot 30 timar til saman, men no kan eg nesten ikkje venta lenger. Eg gler meg!


Eg gler meg til å køyre inn mot byen i frå flyplassen, for å sjå skyskraparane på vegen og å komme fram til NY Studenthousing der eg skal bu framover. Eg gler meg til å sjå rommet vårt, å sjå kven andre som skal bu der, sjå korleis fellesareala er og ikkje minst å få eit lite inntrykk av nærmiljøet. Eg gler meg til å vakne opp første morgonen og vite at endeleg er eg der, og at eg denne gong har god tid til å utforske byen på alle måtar eg kunne ønskje. Eg gler meg til å gå ut, sjå nabolaget i dagslys, første handletur på butikken og ete ekte NY bagel til frukost. Eg gler meg til å ta undergrunnen til Manhattan, til å komme opp derifrå og ut i ei verd full av sinnsjukt høge bygningar, gule taxiar og reklame overalt. Eg gler meg til å gå rundt å surre og oppdage byen saman med mitt reisefølgje og roomie, Camilla, utan eigentleg ha noko mål eller meining. Og ikkje minst så gler eg meg til å stikke innom den visstnok så fantastiske fotobutikken B & H og kjøpe fotokamera.


Eg gler meg til å sjå kva dei neste fem månedane vil bringe med seg! :)