lørdag 23. mai 2009

Avskjedslunsj, avskjedsgallerirunde, avskjedsfest, avskjedsmiddag - og nye eventyr!

Det er utruleg rart og stille å gå rundt på dormen her i dag... I løpet av dei siste dagane har dei fleste avslutta vårsemestera, og i forigårs og i går pakka dei fleste tinga sine og reiste heim til upstate New York, Saudi-Arabia eller kvar dei no er i frå.
New York Studenthousing er ein privat studentbolig i Kensington området i Brooklyn. Det er ganske dyrt, men også ganske så fint. Men, det er ikkje lokala som har gjort det så fantastisk å bu her - det er den utruleg flotte miksen av ungdommar som har budd her!





Avskjedslunsj på Subway før Nikki og Nik reiste på torsdag...

Alt i alt er det plass til omlag 120 personar, fordelt på fire etasjar. Det er ein god del amerikanske studentar her, som hovudsakleg studerer på Brooklyn College. Det har vore sju nordmenn her dette semesteret. Det har vore ein heil gjeng som går på ELS engelskkurs her, blant anna tre frå Saudi-Arabia, eit par tyrkarar, to frå Libya, mange frå Japan og Sør-Korea og nokre frå Brasil. Og det er ein del andre sjølvstendige studentar som utnyttar mogelegheita til ei eller anna spesialisert utdanning frå New York. Ein får sjølvsagt ikkje like god kontakt med alle, men me blei ein god gjeng som hang saman i loungen eller kjøkkenet i fjerde etasjen om kveldane, festa i helgene og kosa oss i det fine veret no i vår!






Den siste veka her har det vore eit heilt fantastisk ver, med 30 grader og sol kvar dag. Dette har me utnytta til fulle innimellom all pakkinga! Eg har tilbrakt nokre timar i Prospect Park, Coney Island og sjølvsagt på terrassen utanfor dormen. Og eg må innrømme at eg er rimeleg nøgd med å ha meir skille no enn etter Miami-turen ;)




Heile avskjedsprosessen byrja eigentleg då Ida reiste heim med fellesreisa for eit par veker, og me gjorde ting for siste gong i NY saman med ho. I løpet av neste veke er det ikkje berre alle på dormen som reiser, men også dei fleste andre eg har hengt med her i byen. Og i og med at eg reiser til Trinidad om nokre timar, har dei siste dagane vore min siste sjanse til å gjere ting saman med dei. Så på torsdag var det siste gallerirunde med gallerigjengen, som tiltrakk seg fleir og fleir for kvar gong og som toppa seg heilt i sommarsola på torsdag! Ein fantastisk bra begynnelse på ein av dei beste kveldane her :)
For når klokka runda åtte og galleria stengte vendte eg nasa direkte heim mot Kensington. Her var det siste fest med dei som var igjen! Magnus holdt åpent rom, og musikken svinga mellom hip hop, swing, salsa, arabisk, reggie og indisk - med påfølgande dansing. Stemningen var på topp frå tidleg kveld til tidleg morgon! Trur ikkje me kunne fått ein betre avslutning på semesteret.


385 McDonald Avenue, med biljardbord i fjerde etasje!


Om nøyaktig 45 minutt sit eg, Magnus og Kendal oss i ein taxi på veg mot Newark - Trinidad, here we come!! ;) Hehe... Der blir me til neste fredag, med andre ord seks dagar. Har veldig stor tru på at det blir toppers, sjølv om det ikkje kjem til å gå opp for meg før eg står med beina planta på Karibisk jord! I kveld skal me ut med venene til Kendal, i morgon blir det strandliv, båtliv og reggieparty og i løpet av veka skal me på dagstur til Tobago og på sightseeing med bestefaren. Herlig, herlig!
Når eg kjem tilbake blir eg faktisk buande her i Kensington to veker til. Etter mykje fram og tilbake fekk eg lov å bli her for 20 dollar natta, som er ein temmeleg bra pris til New York å vere. Og sjølv om det blir rart å bu her utan alle dei andre kjente fjesa trur eg det blir bra uansett. Kjenner eit par som skal være her, kjenner gutta på delien på hjørnet, Camilla som bur hjå David eit par kvartal bort, Denny's, Ben som bur hjå bestemora i Coney Island og nokre andre som befinn seg her og der i byen. Herlig å ha eit par veker til til å utforske byen!!

tirsdag 19. mai 2009

Proud to be Norwegian!

I alle fall i Bay Ridge på 17. mai...

Tidlegare har eg sett buttons med dette sitatet på folk i frå både Irland og Italia, så sjølvsagt med Irish og Italian i staden for Norwegian, og syns det såg skikkeleg harry ut. På sjølvaste 17.mai fekk eg mulegheit til å skaffe meg ein slik sjølv, og eg skal ikkje påstå at det er noko mindre harry med den no. Men når ein først feirar nasjonaldagen i Uniten så er det ikkje vel ikkje berre buttonsane som er litt harry. Og av og til er det jammen ganske herleg å være det og ;)

Helst ønska eg ein der det stod "Kiss me, I'm Norwegian" på, men dei var dessverre utselt...


17.mai i New York starta på meir eller mindre samme måte som heime, med unntak av alt styret der er å ta på seg bunad, altså med røykelaks, nysteikte rundstykke og champagne! Eventmaker Ingrid og venninna Ingeborg planla og arrangsjerte. Eigentleg skulle det heile føregå på taket til Ingeborg i Bushwick, men i motsetjing til heime var ikkje vergudane heilt på vår side denne dagen... Heldigvis bur Ingeborg i ei stor og flott leiligheit.
30 stk var invitert, flest nordmenn, nokre amerikanarar og ein svenske. Og alle hadde fått beskjed om kva dei skulle ta med - eit skikkeleg spleiselag :) Eg dukka opp klokka ti, og vertane var i full sving! Etterkvart som folk kom blei bordet fullare og fullare med jorbær, vannmelon, røykelaks, ferske scones, eggerøre, ekte svensk gubberøre, potetsalat (som eg vil ha oppskrift på, Ingrid! Evt. heile historia om korleis du laga den ;), brunost og andre gode oster, kaviar, makrell i tomat, ananas, mango, salat, vestlandslefse og norske gulrot- og eplekaker. Ein skikkeleg norsk (og litt svensk) meny!! Smakte himmelsk.




I god norsk tradisjon var det så tid for tog. Eller parade. Det fins faktisk ein eigen 17. mai kommite her i New York også, leia av norsk amerikanarar i byen. Dei arrangerte ein stor parade, der temaet i år var norrøn mytologi. Dessverre kom eg akkurat for seint, etter å ha rydda opp all maten som var att etter frukosten... Men, folkelivet, talane (bl.a. av den norske konsulen), Stavanger Musikkorps som spelte Ja vi elsker og Mellom Bakkar og Berg, og Miss Norwegian Heritage i NYC fekk eg heldigvis med meg! Kåringa av Miss Norwegian Heritage var visstnok eit grep dei innførte for nokre år sidan for å gjere unge norsk amerikanarar oppmerksame på denne dagen, og for å få opp interessa for kvar dei "kjem" i frå. Om det er det beste trikset dei kunne fått til veit eg ikkje, men viss dei meinar det fungerar så gjerne for meg! :p Dei som derimot fekk med seg paraden sa me gjekk glipp av noko stort; store flåtar med vikingsekip og diverse og masse folk. Får vel komme tilbake og oppleve også den seinare!

I frå Leif Eriksonspark, der paraden endte og talane vart haldt, rusla me vidare oppover gata til Leif Erikssons pub. Eller Lief Eriksson som dei kalla han. Der var det nordmenn i alle variantar, og hot dog og lapskaus. Og øl såklart. Og god gammal swingmusikk. Utan at nokon såg ut til å kunne danse swing... Men moro var det i alle fall! Og folk var nærmast i ekstase når dei skjønte at det var "ekte" nordmenn til stades. Haha... Bunader var det uansett å sjå overalt.
Me var invitert vidare til 17.fest i leilegheita til VG korrespondenten Anders Giæver. Der det på skikkeleg amerikansk vis vart servert gratis drikke til gjestene. Her var det ein god blanding folk; nokre gatewaystudentar, konsulatansatte, journalistar og kunstnarar. Møtte faktisk to andre vossingar, så det vart litt mimring til feiring i heimbygda også! Trur forresten ikkje det å være korrespondent for VG er den verste jobben ein kan ha... Leilegheita var rimeleg fin!
Kvelden endte stille og roleg med jentefilmar og sjokolade på dormen. Ei fin avsluttning på ein morsom og utradisjonell dag!
Håper alle hadde ein like flott nasjonaldag :)

Bronx, ein liten bit Sverige, sushi, avskjed og sommar!

Av andre ting som bør nemnast av ting som har skjedd sidan Minnesota er bestilling av tur til Trinidad & Tobago ganske viktig. Lørdag 23.mai er eg nok ein gong på veg mot flyplassen, denne gongen saman med Magnus og Kendal. Eg og Magnus blei invitert til å besøke Kendal, som også har budd på dormen vår, når han reiste heim for sommaren. Og med billettprisar på 1900 kroner tur/retur var ikkje dette noko me kunne tvile på! Så på lørdag er me på veg - og eg kan nesten ikkje vente!!! 6 dagar i Karibien... Høyres vel ikkje så verst ut? Hehe...

Ellers så prøver eg å gjere og sjå mest muleg den siste tida her, helst utan å stresse. Heldigvis har eg fått ein gjeng gode vener som gjerne er med ut og leike i storbyen :) Blant anna har eg:



- endeleg komt meg til The Bronx. Såg ikkje så mykje meir enn dyrehagen, men den var til gjengjeld stor og flott! Me gjekk rundt og såg på giraffane, løvene, apane, slangane, selane og isbjørnen, åt is og småhutra litt i den kalde trekken. Etterpå åt me ein skikkeleg amerikansk middag på ein diner i nærleiken, og tok toget tilbake downtown. Bronx er kanskje ikkje den bydelen eg kjem til å sjå mest av, og av det me såg utanom parken har eg kanskje ikkje det største behovet heller... Sjølv om det visstnok skal være nokre flotte område der og.





- prøvd ut det som burde vore ein turistattraksjon på lik linje med Staten Island ferja, men som heldigvis ikkje er det: IKEA båten. Den er gratis, den går frå Lower Manhattan, ein kan sitje ute, er ein "heldig" gjev den greske kapteinen frå seg styringsansvaret og tek på seg guiderolla, utsikt mot Manhattan skyline, Brooklyn Bridge, Friheitsgudinna og Governor Island.

- besøkt IKEA. Som eit resultat av å ta båten ut dit blei det også ein tur innom restauranten. Svensken Henrik var spesielt begeistra for å få seg kjøttboller, og eg var ganske henrykt over endeleg å få meg litt skikkeleg laks med kokte poteter og ikkje berre sånne frityrsteikte greier dei har her elles.



- sett eit nytt område av Brooklyn - Red Hook. Frå IKEA gjekk turen vidare gjennom dette nabolaget på veg mot Carrol Gardens og subwayen. Me gjekk rundt, tok bilete og stoppa og drakk billig øl på ein svært så koseleg pub. Den beste måten å oppleve eit nytt strøk på, spør du meg! :)



- hatt avskjedslunsj for Ida... Ida, som er ei av jentene i klassen eg har vore mest med, reiste heim med "fellesreisa" til Gateway forrige onsdag, og me hadde ein kjempekoselig sushilunsj på Zen i St.Marks place i East Village før ho reiste.






- deltatt på nok ein Galleritorsdag - Chelsea, vener, kunst, øl, vin, champis. Kvelden endte hjå nokre amerikanske vener av Kjersti og Henrik, som me også møtte til middag nokre dagar tidlegare. Utruleg herlige folk! :)



- nytt varme solstrålar i Prospect Park med boka "A long way gone", av Ishmael Beah. Brooklyn og New York er såå nydeleg når sola skin!




- stått i kø i fleire timar for å få billettar til og sjå film på ein takterrasse i Lower East Side. Eventmaker Ingrid har som vanleg peiling på kva som skjer. Turen gjekk direkte vidare dit frå parken, og me betalte $9 kvar for å sitje under stjernene, sjå minikonsert og kortfilmar og ete popcorn saman med 1000 andre. Rooftop Films hadde sett opp tre lerret og folk sat og stod overalt på taket. Etterpå forsette festen med gratis øl for alle som ville på ein pub i nærleiken.

- har eg altså lært at ein alltid bør gå ut av døra om føremiddagen utrusta med alt ein treng for ikkje å måtte komme heim att førutpå morgonkvisten, for ting skjer fort i New York.

søndag 17. mai 2009

Var det eit host eg høyrte?

Kva har skjedd sidan turen til Minnesota? Hmm... For det første det styraren av Gateway College New York sa var den andre tingen verda kom til å hugse frå dette halvåret, etter innsetjinga av Obama som president; den o'store svineinfluensaen!

Eg veit ikkje heilt eg, men hysteri har det i alle fall vore. Og tru det den som vil, hysteriet verkar å være verre i Norge enn her. På eit tidspunkt då det var omlag 5 smitta av influensaen her, byrja bekymra meldingar å tikka inn. Tør de gå ut? Har du kjøpt munnbind? Og kva med subwayen? Er skulane stengt? Ja, me har aldri vurdert å ikkje gå ut. Nei, eg har ikkje kjøpt munnbind. Dei einaste eg har sett med munnbind er syklande kinesarar i Chinatown, som sannsynlegvis har gått med det sidan SARS. Subwayen? Det tar 25-45 minutt å komma seg til skulen med toget, det vil seie at å ta taxi kostar ein del. Spesielt i rushtida. Å ikkje ta toget har dermed ikkje vore oppe til diskusjon. Borgarmeister Bloomberg brukar forresten også subwayen. I alle fall gjorde han det dagen etter viseborgarmeisteren klarte å fraråde folk å gjere det...

Og skulane? Nei, skulane flest er ikkje stengt. Men sjølv om byen ikkje verkar å være like hysterisk som Norge verkar å være tar den sine førehandsreglar. Har nokon influensaliknande symptom vert det sendt inn prøvar, og medan ein ventar på resultatet vært skulen eller institusjonen pasienten går på stengt. Og på grunn av at ei jente i mediaklassen eg aldri har snakka med fekk influensa veka før eksamen, vart alle nordmenn utestengt frå MCNY til prøveresultata kom tilbake. Sjølv om legen hennar var 99% sikker på at det berre var snakk om influensa. Og på grunn av stor pågang slik at resultata lot vente på seg vart eksamen utsatt med ein halv dags forvarsel...

Andre førehandsreglar institusjonar tek er å setje fram flasker med desinfeksjonsmiddel overalt, henge opp plakatar med influensasymptom, informere om nummer til lege og elles opplyse om kva ein bør gjere om ein føler seg "under the weather". Trur nok dette skal gå bra eg ;)

Me fekk altså tre eksamenar på tre dagar; marknadsføring på onsdag, kulturleiing på torsdag og American Topics på fredagen. Men med så mykje muffins, kaffi, te og brus me måtte ønskje, kom me oss igjennom det og. Klokka 14 fredag 8.mai var det SOMMARFERIE!!! Me feira med tre-retters middag på Gateway si rekning, flott vin og ei fantastisk galleriopning på ISCP i Bushwick med utstillingar av blant andre nordmannen Are Mokkelbust.

Ein ikkje så aller verst måte å starte 1 mnd ferie i New York på :)

lørdag 16. mai 2009

Uffda is...


- getting swished in the face with a cow's wet tail.
- eating hot soup when you've got a runny nose!
- trying to dance polka to rock and roll music.



Minnesota levde verkeleg opp til forventningane om å være ein "norsk stat". Eller, ingen skal i alle fall seie at dei ikkje i det minste gjorde sitt beste. I løpet av ei helg i Fergus Falls, MN, fekk me jammen oppleve litt god gammaldags patriotisme ovanfor "vårt" kjære heimland.

Heile gjengen på Perkin's, første dag i Minnesota og ein skikkeleg amerikansk lunsj!

Frukostsamtale på Perkins;
"Hey, where are you guys from?"
"Hello, we're from Norway."
"I thought I heard Scandinavian! I'm Norwegian too."
"Really? Where do you come from?"
"My great grandfather came from Kristiansand, and we all learned Norwegian as kids. But unfortunately we don't remember anything of it..."
..... i tillegg til den vidaregåande klassen frå Danielsen vgs i Bergen, møtte me fleire"norskies" på turen. Av meir eller mindre genuin art. Morsomt korleis nasjonalkjensla framleis står sterkt etter mange generasjonar!


Inspiration top - her i frå skal ein visstnok kunne sjå 50 av innsjøane i Otter Tail County. Nydeleg utsikt uansett!

Om det ikkje var så mange av dei, så var folk flest veldig hyggjelege i Fergus Falls og å få kontakt med dei var ikkje vanskeleg.
Medan det var sol og 30 varmegrader i New York denne siste helga i april, var det guffent og kaldt i Minnesota. Med unntak av fredag ettermiddag, då eg sat sju timar på flyplassen i Minneapolis og venta på dei som kom over dammen.


Av ikkje-norske ting me opplevde på turen var; bilkøyring, regn, K-mart, Perkin's, svipptur til North Dakota, masse feilkøyring og uovereinstemmelsar med gpsen, den store "mallen" i Fargo, god italiensk restaurant, bading i byens største svømmebasseng på ca. 10 meter, Wal Mart, Applebee's og masse avslapping!
Og sjølv om dette kanskje ikkje høyrtes så fristande ut for dei som sat på stranda og diverse hustak rundt i storbyen, så var det faktisk ganske så herleg!


Vossingar, amerikanarar og litt patriotisme.


Av meir norsk art var høgdepunktet vossingen Knute Nelson sitt hus i Alexandra. Då han var 6 år kjøpte mora to einvegsbillettar til USA, og i 1849 flytta dei frå Evanger til Chicago. I følgje dama som viste oss rundt i huset skal han visstnok ha vore den politisk aktive utlendingen som har vore nærast å bli valgt til presidentkandidat. Han var guvernør i Minnesota nokre år, og sat i senatet i endå fleire år. I dag kan ein visstnok finne ei statue av han i Minneapolis. Eg derimot, var svært nøgd med å finne ei minifane med kommuneskjoldet frå Voss på kontoret. ;)
Ein større skuffelse var Cafe Viking. Sjølv om eg på den tida ikkje var ein kaffidrikkar (for ja, eg har byrja å drikke kaffi ;) har eg mine bange anelsar om at lovnaden om beste kaffi i byen haldt ord, men med gratis påfyll går vel det meste ned? Kakene derimot, vart ståande att...


Ein stykk overfylt bil med lysa retta mot New York.

Etter tre avslappande dagar med Caroline og Kristian som omvisarar i Fergus Falls var tida komen for at eg skulle få vise fram litt av min amerikanske kvardag. Med litt av flyttelasset til C & K, og resten av bagasjen, stua me oss inn i bilen på veg mot flyplassen.

Om eg ikkje fekk smake lutefisk og lefse, så hadde eg uansett ei veldig fin helg i "den norske staten"! :)