søndag 17. mai 2009

Var det eit host eg høyrte?

Kva har skjedd sidan turen til Minnesota? Hmm... For det første det styraren av Gateway College New York sa var den andre tingen verda kom til å hugse frå dette halvåret, etter innsetjinga av Obama som president; den o'store svineinfluensaen!

Eg veit ikkje heilt eg, men hysteri har det i alle fall vore. Og tru det den som vil, hysteriet verkar å være verre i Norge enn her. På eit tidspunkt då det var omlag 5 smitta av influensaen her, byrja bekymra meldingar å tikka inn. Tør de gå ut? Har du kjøpt munnbind? Og kva med subwayen? Er skulane stengt? Ja, me har aldri vurdert å ikkje gå ut. Nei, eg har ikkje kjøpt munnbind. Dei einaste eg har sett med munnbind er syklande kinesarar i Chinatown, som sannsynlegvis har gått med det sidan SARS. Subwayen? Det tar 25-45 minutt å komma seg til skulen med toget, det vil seie at å ta taxi kostar ein del. Spesielt i rushtida. Å ikkje ta toget har dermed ikkje vore oppe til diskusjon. Borgarmeister Bloomberg brukar forresten også subwayen. I alle fall gjorde han det dagen etter viseborgarmeisteren klarte å fraråde folk å gjere det...

Og skulane? Nei, skulane flest er ikkje stengt. Men sjølv om byen ikkje verkar å være like hysterisk som Norge verkar å være tar den sine førehandsreglar. Har nokon influensaliknande symptom vert det sendt inn prøvar, og medan ein ventar på resultatet vært skulen eller institusjonen pasienten går på stengt. Og på grunn av at ei jente i mediaklassen eg aldri har snakka med fekk influensa veka før eksamen, vart alle nordmenn utestengt frå MCNY til prøveresultata kom tilbake. Sjølv om legen hennar var 99% sikker på at det berre var snakk om influensa. Og på grunn av stor pågang slik at resultata lot vente på seg vart eksamen utsatt med ein halv dags forvarsel...

Andre førehandsreglar institusjonar tek er å setje fram flasker med desinfeksjonsmiddel overalt, henge opp plakatar med influensasymptom, informere om nummer til lege og elles opplyse om kva ein bør gjere om ein føler seg "under the weather". Trur nok dette skal gå bra eg ;)

Me fekk altså tre eksamenar på tre dagar; marknadsføring på onsdag, kulturleiing på torsdag og American Topics på fredagen. Men med så mykje muffins, kaffi, te og brus me måtte ønskje, kom me oss igjennom det og. Klokka 14 fredag 8.mai var det SOMMARFERIE!!! Me feira med tre-retters middag på Gateway si rekning, flott vin og ei fantastisk galleriopning på ISCP i Bushwick med utstillingar av blant andre nordmannen Are Mokkelbust.

Ein ikkje så aller verst måte å starte 1 mnd ferie i New York på :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar