mandag 20. april 2009

Gallerigjengen!

Det er torsdag, det er føremiddag, det er fint vær ute, skuledagen nærmar seg slutten og eg høyrer plutseleg venninnene mine Ida og Ingrid snakke om vernissage, galleriopningar, Chelsea og gratis sjampanje. Dette tente nysgjerrigheiten min, og eg måtte høyre meir!
New York er eit eldorado for både kunstnarar og kunstinteresserte. Kunstnarar strøymar til byen og lever nærmast på brød og vatn (og sannsynlegvis ein slump billig vin?), og flyttar rundt etter kvart som dei typiske kunstnarområda vert populære og dyre. I alle fall er det det eg ser føre meg.
Chelsea er eit område rundt 20.-30. gate på vestsida av Manhattan, og er kjent som eit av byens beste scenar for samtidskunst. Faktisk er det kanskje eit av verdas beste område for nettopp dette, og kvar torsdag er det ei mengde galleriopningar her.


Som gode kulturstudentar frista både moderne kunst og gratis sjampanje, i tillegg til at det snart var helg, sol, varmt og elles god stemning, så eg vart med jentene til Chelsea denne torsdagskvelden. Me starta på 14.gate og 8. avenue i seks-tida, og bevega oss nordvestover. Etter ei lita stund kom me til første plass på lista til Ingrid - kva venta oss inne her? Det første me ser er masse folk med Brooklyn Lager øl i handa... Ikkje sjampanje her nei. Men ølen var god den, og kunsten interessant. Spesielt var det ein serie med "portrett" av menn og kvinner i sterke fargar som fanga interessa vår!
Men me hadde ikkje tid til å stoppe for lenge. Lista vår var korta ned til fire galleri, men sidan opningane berre held på til rundt klokka åtte var det ikkje tid til somling. Me traska vidare, og innanfor neste dør utbryt eg og Ida samtidig; dette hadde pappa likt! Det var rette linjer over alt, men ganske så stilig dette og. Framme med baren ser me berre nokre baljar med øl - galleria har visst fått kjenne smaken av finanskrisa!
På veg mot neste plass kjem me plutseleg over ein slags garasje med installasjonar, bilete, flygel i taket, fotografi og sofaer i papp. Stilig! Etter litt problem med adressene og ein svipptur innom diverse opningar med vatnservering og masse folk, kjem me over ein liten plass med ein lastebil ein stor oppblåsbar ballong og tru det eller ei: kvitvin!! Me får fyllt opp glasa, går inn i lastebilen og ut i den store ballongen der me set oss og nyt vinen. Det vert bestemt at dette skal verte eit torsdagsrituale. Og sjølv om romkameraten til Ingrid syntes det var utruleg teit med ein gjeng og nekta å bli med i det ho ønska å kalle Gallerigjengen, syns me det var ganske så morosamt. Gallerigjengen var offisielt født. Håpar me klarar å oppretthalde tradisjonen!
Etterpå traska me nedover til stamkafeen til Ida, der me varma oss på litt rødvin, ost, oliven, hummus og pitabrød. Det dukkar opp nye og kjekke ting i denne byen kvar eg enn snur meg! :)
Kursiv

søndag 19. april 2009

Ein heilt tilfeldig fredag kveld

Det var ein heilt vanleg fredag kveld og Camilla hadde nettopp fått besøk i frå Norge og skulle på Denny's, mens eg vurderte dei ulike muligheitene - utan at noko frista spesielt. Heilt tilfeldig stikk Magnus innom og lurar på om eg skal bli med på kino, han og amerikanaren Greg skulle sjå Adventureland. Eg hadde ikkje høyrt noko særleg om filmen, men tenkte kvifor ikkje? Me skulle jo likevel være tilbake på dormen til midnatt.


Kinoen låg eit kvarters tid med toget frå Church stoppen, og me rakk akkurat inn i tide - men med sannsynlegvis dei dårlegaste setane det er muleg å få på ein kino. Eg er sikker på at Greg, som er relativt høg, kunne sparke borti veggen under lerretet. Ti minutt uti filmen tenkte ingen av oss lenger på det. Filmen var utruleg bra, faktisk! Morosam, med eit litt seriøst bakteppe.


Vel ute var me alle oppglødde etter den gode opplevinga, og å reise tilbake til dormen frista ikkje stort. Vêret var mildt, og sporty Magnus kom med den fantastiske ideen: kvifor ikkje gå over Brooklyn Bridge? Som eg sikkert har skrive før, er den brua ein av mine favoritt stader her i byen, og sjølv om det var eit stykke i frå kinoen og klokka allereie var over tolv høyrtes dette ut som ein fantastisk idé! Me la i veg bortover Smith Street og på vegen kom eg på den nydelege parken eg og Camilla kom over når me var i området tidlegare i vinter. Så når me nærma oss East River svinga me ein kort tur nedom Fulton Riverpark, og eg trur begge to vart like overvelma over utsikten som me vart.

Vidare kava me oss opp på brua i den sterkaste vinden eg har kjent her, og lurte veldig på korleis det ville være midt ute på elva. Men me trengte ikkje å frykte noko, vinden roa seg ned etterkvart og me kom oss trygt over. Og på tross av vinden var det måneskinn og ein fantastisk klar kveld - nydeleg!!


Brooklyn Bridge er 1834 meter lang, og var verdas lengste hengebru då den var ferdigbygd i 1883. Det er også den første brua i verda som er bygd med stålkablar, og dette er også det den er så kjent for. Det er eit av dei meste kjente ingeniørkunstverka frå 1800-talet, og i løpet av dei 14 åra det tok å byggje den omkom heile 27 arbeidarar. Den går i frå Brooklyn til lower Manhattan og er den sørlegaste av dei til saman tre bruene som går over East River.






Vel over brua var planen å ta toget rett heim, men ingen av oss følte heilt for det endå. Me la rett og slett i veg uptown for å finne F-toget i staden! Forbi New York City Hall og dei andre kjente bygningane i området merka me at ein liten energipåfylling ikkje hadde vore så dumt. Ingen åpne plassar i Chinatown frista stort, men i Little Italy derimot var det fleire ganske så koselege restaurantar. Me stakk innom ein liten gul kafé når klokka var godt over to, og fekk oss litt god, italiensk nattmat og atmosfære!




Etter litt betalingskluss og ekstra tipsing og sånt bar det strake vegen opp til Houston Street gjennom SoHo. Det var på tide å komme seg tilbake til Brooklyn!


Vel heime, klokka fire i staden for tolv, var i alle fall eg sikker på at dette hadde vore ein av dei beste kveldane i New York - byen der alt skjer tilfeldig!! :)

lørdag 11. april 2009

Spring Break!!

Påskeferie her i USA er noko heilt anna enn paaskeferie i Norge. Faktisk har dei ikkje nokon ferie ei kallar paaske i det heile, men dei fleste studentar har ei veke fri fraa studia i mars eller april. Denne veka kallar dei spring break, og mange brukar den paa aa reise til varmare stroek - for eksempel Miami og Florida!


Sidan me no foerst studerar her saa tenkte me at det hadde vore moro aa sjaa litt naerare paa denne tradisjonen - er det som paa film? I tillegg skal eg innroemme at det frista stort med litt sol og varme!
Så søndag 5. april retta eg, Camilla og venninna hennar, Katarina, nasa mot Miami. Og ein skulle verkeleg ikkje tru me hadde vore på reisefot før nokon av oss, for i mangel på printer hadde me skrive ned referansenummer og flytider på ein lapp og tenkte ikkje meir på det. Ikkje før me var halvvegs til flyplassen. Då spør sjåføren kva flyselskap me skal reise med. Flyselskap??! Det var anten American Airlines eller U.S Airways denne vegen og det andre heim att. Hmmm... Etter litt lett panikk i bilen, latter og gjetting vart me sett av på AA terminalen, og ringte heim til Ioana som logga seg på nett og sjekka for oss. Det var nok U.S. Airways me skulle med ja...
Heldigvis hadde me god tid, og vår terminal berre nokre minutt bortanfor med toget. Me kom oss lett gjennom innsjekking og sikkerheitskontroll, og vel ombord på første fly sovna alle tre momentant. Vel framme på flyplassen i Charlotte, North Carolina, ser me at det neste flyet vårt er utsatt med halvannan time. Det ville seie at me hadde 4,5 timar å slå i hjel... Ein luftetur utanfor vart til fleire timar i solsteiken, sugne på sol og varme som me var. Klokka nærma seg seks, den opprinnelege flytida, utan at det streifa oss ein tanke - me rekna med at når eit fly var utsatt så var det utsatt. Til alt hell gjekk Katarina inn for å kjøpe vatn litt over klokka fem, og klarar å snappe opp ein beskjed over høgtalaren som seier at flyet til Miami likevel går som planlagt - FLAKS!!! Hehe... Turen vidare gjekk som smurt, og me køyrte inn på South Beach før klokka ni :)

Søndagskvelden vart roleg, med supergod pizza på ein benk langs stranda og litt småsnakking med folk på hostellet. Me budde på JazzHostel, eit kvartal frå Ocean Drive og fem minutt å gå frå stranda. Kan definitivt anbefale det på det sterkaste!! Det var fullt av backpackarar, studentar på spring break, folk som nettopp hadde flytta til byen ++ Kvar morgon fekk me servert ein enkel frukost i lobbyen, og på kveldane var det vorspiel før dei arrangerte turar til uteplassar o.l. for dei som ønskte det. Ein perfekt plass for nye bekjentskapar!

Resten av veka var slækk og innhaldsrik på same tid - me kosa oss stort med:

- strandliv
- god mat
- sjå på fine bilar langs Ocean Drive
- bli kjent med spennande folk
- halde pytonslange. Dvs. eg nøya meg med å være fotograf og stryke den på hovudet...
- drikke øl på hostellet
- shoppe
- bli solbrente!
- ete is
- gå rundt og sjå på dei fargerike art deco bygningane
- prøve ut cocktailene på Wet Willies
- flørte litt
- ete gedigne porsjonar mat på Big Pink
- sjekke ut clubbing forholda i Miami på The Mansion
- ta lokal buss og taxi i lange tider for å komme til Little Havanna...
- ...ete god og rimeleg cubansk middag i Little Havanna...
- ...ta taxi tilbake til South Beach, og le av at den billige maten kanskje ikkje gjorde middagen så billig likevel når me brukte $ 70 på reise...
- strawberry daiquiri
- røyke vannpipe med eplesmak på hookha cafe langs strandpromenaden




Takk for ein flott påske, jenter!!