mandag 20. april 2009

Gallerigjengen!

Det er torsdag, det er føremiddag, det er fint vær ute, skuledagen nærmar seg slutten og eg høyrer plutseleg venninnene mine Ida og Ingrid snakke om vernissage, galleriopningar, Chelsea og gratis sjampanje. Dette tente nysgjerrigheiten min, og eg måtte høyre meir!
New York er eit eldorado for både kunstnarar og kunstinteresserte. Kunstnarar strøymar til byen og lever nærmast på brød og vatn (og sannsynlegvis ein slump billig vin?), og flyttar rundt etter kvart som dei typiske kunstnarområda vert populære og dyre. I alle fall er det det eg ser føre meg.
Chelsea er eit område rundt 20.-30. gate på vestsida av Manhattan, og er kjent som eit av byens beste scenar for samtidskunst. Faktisk er det kanskje eit av verdas beste område for nettopp dette, og kvar torsdag er det ei mengde galleriopningar her.


Som gode kulturstudentar frista både moderne kunst og gratis sjampanje, i tillegg til at det snart var helg, sol, varmt og elles god stemning, så eg vart med jentene til Chelsea denne torsdagskvelden. Me starta på 14.gate og 8. avenue i seks-tida, og bevega oss nordvestover. Etter ei lita stund kom me til første plass på lista til Ingrid - kva venta oss inne her? Det første me ser er masse folk med Brooklyn Lager øl i handa... Ikkje sjampanje her nei. Men ølen var god den, og kunsten interessant. Spesielt var det ein serie med "portrett" av menn og kvinner i sterke fargar som fanga interessa vår!
Men me hadde ikkje tid til å stoppe for lenge. Lista vår var korta ned til fire galleri, men sidan opningane berre held på til rundt klokka åtte var det ikkje tid til somling. Me traska vidare, og innanfor neste dør utbryt eg og Ida samtidig; dette hadde pappa likt! Det var rette linjer over alt, men ganske så stilig dette og. Framme med baren ser me berre nokre baljar med øl - galleria har visst fått kjenne smaken av finanskrisa!
På veg mot neste plass kjem me plutseleg over ein slags garasje med installasjonar, bilete, flygel i taket, fotografi og sofaer i papp. Stilig! Etter litt problem med adressene og ein svipptur innom diverse opningar med vatnservering og masse folk, kjem me over ein liten plass med ein lastebil ein stor oppblåsbar ballong og tru det eller ei: kvitvin!! Me får fyllt opp glasa, går inn i lastebilen og ut i den store ballongen der me set oss og nyt vinen. Det vert bestemt at dette skal verte eit torsdagsrituale. Og sjølv om romkameraten til Ingrid syntes det var utruleg teit med ein gjeng og nekta å bli med i det ho ønska å kalle Gallerigjengen, syns me det var ganske så morosamt. Gallerigjengen var offisielt født. Håpar me klarar å oppretthalde tradisjonen!
Etterpå traska me nedover til stamkafeen til Ida, der me varma oss på litt rødvin, ost, oliven, hummus og pitabrød. Det dukkar opp nye og kjekke ting i denne byen kvar eg enn snur meg! :)
Kursiv

1 kommentar: