mandag 23. februar 2009

Kulturliv med stor K!

Å studere kulturledelse, eller art managment som det heiter her, i New York er som ein draum. Sjølv om eg ikkje kan stikke under ein stol at det er mykje å gjere reint studiemessig, og at eg sannsynlegvis heng litt etter med lesinga allereie, såklart... Kvar dag har eg og dei 18 andre jentene i klassen forelesning i 11. etasje på Metropolitan College som ligg midt i mellom Chinatown, SoHo og Tribeca på Lower Manhattan. Forrige veke gjekk det i marknadsføring, medan denne veka er sett av til prosjektleiing. Og med prosjektleiing så meinar dei faktisk prosjektleiing. I alle fall i fantasien. I grupper skal me i løpet av veka finne på eit reelt kulturprosjekt me kunne tenkje oss å stelle i stand, og så planlegge det til minste detalj. Ein svært positiv overraskelse for meg som meir eller mindre berre har sete med nasa i kompendium på lesesalar dei siste åra. Case-arbeid er lærerikt og morosamt! Så no driv eg og planlegg ein festival/kampanje for ungdom med ulik sosial og kulturell bakgrunn på undergrunnsstasjonar rundt i byen. Eg er sikker på at det hadde blitt eit utruleg spanande arrangement hadde me hatt tid og høve til å faktisk gjere det!

Men, dette er så absolutt ikkje det beste med å studere kultur her: semesteret fekk ein knallstart allereie andre dag, med teaterstykket Equus på Broadway! Og ja, me såg "Harry Potter" splitter naken på scenen. Det var ikkje høgdepunktet. Høgdepunktet var stykket i seg sjølv. Det var tungt og til tider dystert, men oi så bra! Stykket handlar om ein gut som ei natt blindar seks hestar, og psykologen som i ettertid forsøkjer å hjelpe han. Etterpå rusla eg litt rundt på Times Square og ned til Herald Square via Bryant Park, mens eg kikka opp på alle lysa , skyskraparane og alle andre som var ute og gjekk akkurat då, og fekk for første gong ei herleg kjensle av at eg bur i New York!


Berre nokon dagar etter forsette me med endå ei førestelling på Times Square: Mamma Mia - the musical :) Og for ei som såg filmen på kino to gongar, og i tillegg hadde den friskt i minne etter flyturen over hit, gledde eg meg til å sjå korleis oppsetjinga var. Men, etter det sterke teaterstykket tidlegare i veka nådde ikkje musikalen heilt opp til forventningane. I ettertid har me lært om ulike typar teater og kva måla med dei er, og Mamma Mia og Equus ligg nærmast på kvart sitt ytterpunkt. Likevel - Mamma Mia kan absolutt anbefalast! Det er herleg musikk som alle kan tekstane til, og skikkeleg god stemning. Og kanskje får fleire sjå herlege 70-år gamle damer reise seg opp og digge musikken! Akkurat det var eit høgdepunkt for min del ;)




Etter mykje informasjon og litt lesing veka etter stod ein ny stor kulturinstitusjon for tur: The Metropolitan Museum of Art. Dette store, monumentale museet som ligg langs Central Park på 5th Ave og 83rd st. Eg var innom der nokre veker tidlegare og kikka på europeisk og amerikansk kunst frå omlag 1850 til 1950, men museet er så stort at ein sikkert treng veker for å komme igjennom heile. Det gjorde med andre ord ingen verdas ting å få ein guida tur! Ei herleg eldre dame, som jobba frivillig, tok oss med der me ville - og hadde alltid nyttige og morosame fakta på lur. Den egyptiske samlinga, den kinesiske hagen, impresjonismen, moderne kunst og til slutt den visstnok så berømte "Shark in a tank" av Damien Hirst.




Equus såg me med kulturklassen, Mamma Mia var for heile skulen - og onsdag for to veker sidan var det obligatorisk tur til The Appollo Theatre i Harlem for alle som tar American Topics dette semesteret. The Apollo Theatre er eit landemerke i New York. Her har mang ein kjent artist og musikar blitt oppdaga. Teateret vart bygd i 1914, og i frå 1934 har det blitt arrangert Amateur Nights der kvar veke. Før var dette den einaste plassen svarte amerikanarar fekk lov til å opptre. I dag er desse kveldane opne for alle som ynskjer å prøve seg på scena, og publikum blir ein del av arrangementet både ved at nokre vert tatt opp på scena og elles ved at ein skal heie og bue på dei ein likar og ikkje likar. Utruleg morosamt konsept, med både veldig gode og veldig dårlege utøvarar!!


Det fine med å bli kjent med folk som har budd i byen lenger enn oss er at ein plutseleg kan få ei melding som denne; "Hey! You should come and see my friends play at The Bitter End at 7.45", på ein heilt vanleg tirsdag føremiddag. Så det er ikkje berre skulen som tar oss med på ting, her skjer det noko heile tida, alle dagar i veka. Eg og Camilla tok turen innom The Bitter End i West Village for å sjekke det ut, og høyrte på flinke Charley Paige (http://myspace.com/charleypaige). The Bitter End er ein kjent pub, nærmast som Apollo for rockarar, der unge musikarar kan opptre. Etter at Charley var ferdig dukka Magnus og Ida frå skulen også opp og me høyrte på ei gruppe gutar spele - veldig, veldig bra og samtidig skikkelig morosamt! Ein heilt ok måte å tilbringe ein tirsdags kveld ;)


New York er ikkje berre eit sentrum for ulike typar scenekunst, musikk og kunstsamlingar; her fins også eit stort antal forfattarar og poetar. Sjømannskyrkja og den norske foreninga i byen prøver å nytte seg av dette, og arrangerer bokbad ein gong i månaden. Forfattaren for februar var ikkje andre enn Siri Hustvedt, som eg dessverre må innrømme at eg ikkje har lese noko av frå før men som eg lenge har tenkt at eg burde lese. Rett og slett fordi ho har aner i frå Voss, nærmare bestemt Hustvedt, og visstnok er i slekt med meg langt, langt ute. Og, ho er gift med Paul Auster. Ein av amerika sine største forfattarar. Som eg heller ikkje har kome lenger enn å lese nokre kapittel av... Eg tok uansett turen til Kjerka forrige torsdag for å høyre på ho, for kanskje å få signert boka eg fekk i valentinsgåve og ikkje minst kjøpe med meg ei tube kaviar. Intervjuet vart faktisk ganske så interessant, då temaet låg rundt immigrasjon og identitet som den siste boka hennar "The Sorrows of an American"(på norsk Når du ser meg) handlar om. Eg fekk helsing i boka og ein klem då eg nemnte slekt i frå Hustvedt! Kaviaren smaka forresten fortreffeleg (og det samme gjorde visstnok makrellen i tomat som eg forsørga for Camilla) ;)



(http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article399748.ece)

Forrige fredag, etter ei intensiv veke med marknadsføringsteori, reiste heile klassen til Queens. PS 1 stod for våre føtter, og eg var spent. Det er MoMa (Museum of Modern Art) sin del for samtidskunst. Eg hadde ingen idé om kva som ville vente meg der, men sjølv om deler av museet var stengt av i vente på ny utstilling eit par dagar seinare, vart eg så visst ikkje skuffa! Moderne kunst er faktisk veldig moro så lenge du berre er open nok til å tenkje over kva det faktisk kan uttrykkje. Me såg alt i frå foto av lykketroll, intervju med J.F. Kennedy sin drapsmann limt opp på veggen, eit basseng som eigentleg ikkje var eit basseng, ulike typar filmar laga av ei israelsk kvinne under og etter hennar militærteneste, ein stor spegel i taket (sjå første bilete) og ikkje minst nordmannen Børre Sæthre si utstilling: Stealth Distortion (...must have seen it in some teenage wet dream), med ein fiks ferdig einhjørning i glassbur. No skal ikkje eg gå nærare inn på kva eg tolka ut i frå dette, men det var flott! (http://ps1.org/exhibitions/view/209/)


For meg som omlag ikkje har sett teater sidan eg slutta på vidaregåande har dei siste vekene ført til mange nye og fine opplevingar! Det siste som skjedde på kulturkalendaren min var "MabouMines Dollhouse" på St. Ann's Warehouse i Dumbo, Brooklyn søndag ettermiddag. Medan regnet piska ute satt me inne på dette koselege, sjølvstendige teateret med varm ingefærte, suppe og nanbrød og såg eit teaterstykke utanom det vanlege. MabouMines ei teatergruppe som sidan 2003 har spelt ei modernisering av Henrik Ibsen sitt "Et Dukkehjem", og som dei har tatt med seg rundt i verda på turné. Til dømes var dei innom Oslo under Ibsen året for ei stund sidan. Dei har valgt å gå bort i frå realismen som Ibsen skreiv under og heller fokusere på det melodramatiske i stykket. Dei ulike kjønnsrollane og kampen mellom desse vart forsterka, samtidig som dei sette andre faktorar som kanskje er endå viktigare i dag på dagsorden, ved at kulissane var eit dukkehus der alt føregjekk inni og alle mennen vart spelt av kortvokste. Engasjerande, morosamt men også svært utfordrande på grunn av alle små detaljar. Då dei var ferdige stilte skodespelarane opp til Q & A, som gav oss ein del oppklaringar.


1 kommentar:

  1. Forresten, Karen; jaa, eg har nye converse-sko!! Hehe... Elsker dei allerede! På grunn av teateret vart the sunday stroll utsett forrige søndag, men du er meir enn velkommen kortid som helst ;) ;)

    SvarSlett