mandag 26. januar 2009

Norsk taco, pannekaker, kaloriar og fake sushi!


Restaurantar, diners, kaféar, delis, bakeri, pizzaria, kebabboder, pretzelsboder: New York er ein by med eit uttal plassar å sløkke svelten med mat i frå alle verdas hjørner.


Første kvelden åt me på TGI Fridays på Times Square, der alt er dyrt, frityrsteikt og inkluderer for det meste kjøt. Ikkje min favorittplass, med andre ord. Etter det har me heldigvis komt forbi koselegare plassar med betre mat! Det har vore omelett på NoHo Star, pizza på Hotel W, bagel med cream cheese på ein og annan random deli og salat på dineren der filmen Big Daddy vart spelt inn.


Eg er usikker på kvifor, men saman med prisane på menyane her borte står kaloriantalet i retten. Kanskje er det for å motvirke overvekt hjå matglade amerikanarar og turistar? Ein tenkjer seg i alle fall om ein ekstra gong når ein ser menyen på TGI Fridays, og nærmast samtlege rettar overstiger 1300 cal. Heldigvis er ikkje alle restaurantar som den! Også på Starbucks heng det tabellar over disken, og for ein te-elskar som meg er det jammen bra at teen er det einaste det står ein stor 0 bak ;)



Fredag ettermiddag tok me turen over til Brooklyn for å nyte ekte amerikanske pannekaker på IHoP; International House of Pancakes. For $5 fekk eg fem store pannekaker med sirup, og så mykje påfyll ein kunne ønskje. Men lurar på kor mange som faktisk bestiller påfyll etter det lasset?

Den mest spesielle maten så langt fekk eg derimot kvelden før! Eg og James gjekk og rusla i West Village på jakt etter ein ok plass å ete då me plutseleg kom over ein japansk restaurant; Soy Japanese. Sidan eg aldri har smakt sushi fann me ut at det hadde vore moro å prøve, og gjekk inn. Men etter å ha kikka litt på menyen stussa me litt. Dei reklamerte med å være vegetariske, men kvifor hadde dei så kylling på menyen? Kelneren kunne så forklare dette med at alt faktisk var vegansk! Alt som ikkje var grønsaker var soyaprodukt. Eg har dermed framleis til gode å smake sushi, sjølv om eg no har fått prøvd sushi med soya laks. Ikkje akkurat rå fisk, men utruleg godt! Me prøvde oss også på soya kylling og soya is, nam nam :)

På tross av alle dei ulike tilboda er det likevel herleg å kunne nyte maten heime i fred og ro, utan å måtte vente på maten, vente på å betale, betale tips osb. Med Chinatown og Little Italy like i nærleiken er ikkje det noko problem. Vil ein ha noko enkelt og raskt stikk ein berre innom ein av sjappene som sel pizzastykker for $2, eller om ein kunne tenkje seg kinesisk har ein også det klart på under tjue minutt. I går laga me derimot maten heime sjølv. Camilla inviterte på norsk taco, som etter å ha ransaka ulike matbutikkar faktisk smakte like kjent og godt som tacoen me er kjent med heimefrå!



For tida er det New York Restaurant Week, som i praksis betyr at restaurantar tilbyr 3-retters til ein billigare penge. Og med vener som kjenner til byens restaurantverd, skal også dette bli prøvd ut i næraste framtid! Eg gler meg :)




------------------------------------------------------


Ein pitteliten oppdatering på boligfronten: Bur framleis i SoHo, men flyttar til Brooklyn mandag 2. februar... Litt kjedeleg, spesielt med tanke på avstanden, men skal bli litt herleg å komme i orden ein plass også. Byrjar å bli litt lei av å delvis leve i koffert!



Og når det gjeld kommentarar: Er det ikkje berre å krysse av på "anonym"? Trur ikkje det skal være så vanskeleg ;)
r

2 kommentarer:

  1. åååå, må virkelig si jeg oser av misunnelse! høres ut som du har det FABULOUS!!!! :) ikke så rart kanskje, med tanke på at byen er selveste New York!!! :) keep living the good life!!! :):) smask!!

    SvarSlett
  2. Hihi... Har det herlig, jah! Men savne å ha den freaky familien min å oppdage byen med!! ;) ;) Smask tilbake!!!

    SvarSlett